Musikk

Friske tennpluggar

Sparks er både på høggir og i storform på sitt 25. album.

Publisert

Det amerikanske kunstpopbandet Sparks, leia av brørne Ron og Russell Mae, er inne i sitt sjette tiår. The Girl Is Crying In Her Latte, det 25. studioalbumet deira sidan debuten i 1971, syner at brørne – høvesvis 74 og 77 år unge – stadig har alle tennpluggane i behald. Og vel så det.

Sparks’ bitande, men positivt ladde satire er påtakeleg frå første stund: Teksten i opnings- og tittelsporet, ein industrial-electro-pop-song full av (uforløyst) spenning, er eit presist døme på bandets finesse og underfundige skråblikk på eksistensen.

Ein café latte- og tårevåt augneblunk blir skildra ad infinitum og absurdum over eit blomstrande og detaljert arrangement med basstrommepedalen planta solid i dansegolvet: Gradvis, nærast umerkeleg, er det som om dei zoomar ut frå mjølkeskummet til eit planetarisk fugleperspektiv, og rett som det var, har kaféscenen blitt eit krystallklart bilete på at suksess i forbrukarsamfunnet ikkje – i motsetnad til musikkvideoen, der Cate Blanchett framfører ein forvitneleg dans i gul dress – er vegen til lukke.

«We Go Dancing» er ein atonal militærparademarsj med totalitær statsleiar som diktatorisk DJ og koreograf; på den oppstemde alternativpunkrocklåten «Nothing Is As Good As They Say It Is» forklarar eit 22 timar gamalt spedbarn at kvaliteten på verda utanfor livmora er heller skuffande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement