JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Frisk folkrock

Unge oslobaserte musikarar fornyar musikalske idear frå 1970-talet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2095
20231006
2095
20231006

Folkrock

Gangar:

Stubb

Mattias Thedens: feler; Oskar G. Lindberget: saksofonar; Richard Max: gitar; Jonas Thrana Jensen: bass; Henrik Dullum: trommer. Heilo

For tida kjem det ut mange plater der utgangspunktet er norsk folkemusikk, men blanda med andre stilartar. Ein kan merka stor påverknad frå pop/rock i delar av folkemusikken, og omvendt: Rockeplater som inneheld element av folkemusikk.

Reindyrka folkrock, derimot, er det mindre av. Før Gangar vart etablert, var truleg Gåte det bandet som gjennomførte denne musikalske hybridforma mest konsekvent. Likevel: Det er stor skilnad på Gåtes drøymande og delvis romantiske musikk og kraftutladingane til Gangar.

Her til lands har folkrocken ein historikk som kan førast tilbake til samarbeidet Sigbjørn Bernhoft Osa hadde med Saft, og Einar Mjølsnes’ medverknad i Christiania Fusel & Blaagress (der Øystein Sunde var ein sentral medlem). Men den folkrocken dei unge oslobaserte musikarane i Gangar serverer, er av eit langt tyngre slag: Felespelet til Mattias Thedens står heile tida sentralt, og utgangspunktet er gjerne tradisjonelle slåttar, men elles kling dette nærare den klassiske hardrocken, og inspirasjonen frå AC/DC er svært merkbar.

Dette er høgenergisk rockemusikk som er tydeleg prega av godt humør og feststemning, og slik sett milevidt frå den dystre svartmetallen, som òg kan vera inspirert av folkemusikk. I utgangspunktet er Gangar eit liveband som har turnert flittig både i Noreg og på kontinentet, og det kan merkast. Samspelet er tett og fylt av overskot.

Dette er i hovudsak ei instrumentalplate, men på to av spora medverkar kvedaren Synnøve Brøndbo Plassen. Folkemusikktilknytinga vert ytterlegare understreka gjennom Kenneth Liens munnharpespel på «Murukleiven». Plata sluttar med «Hennar Valborg», som er ein av dei mest utslitne jammelåtane blant yngre norske folkemusikarar. Man jamvel denne slåtten verkar frisk og ny i utgåva til Gangar.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis