JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Fransk raffinement

Sandra Lied Haga får fram det særeigne ved repertoaret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den norske cellisten Sandra Lied Haga.

Den norske cellisten Sandra Lied Haga.

Foto: Terese Samuelsen

Den norske cellisten Sandra Lied Haga.

Den norske cellisten Sandra Lied Haga.

Foto: Terese Samuelsen

2859
20230602
2859
20230602

CD

Rita Strohl, César Franck:

Cello­sonatar

Sandra Lied Haga, cello; Katja Apekisjeva, klaver. Simax 2023

To omfangsrike franske sonatar for cello og klaver frå slutten av 1800-talet fyller Sandra Lied Hagas nyaste album, der ho blir akkompagnert av russiske Katja Apekisjeva: Grande Sonate dramatique «Titus et Bérénice» av Rita Strohl (1865–1941), og Sonate i A-dur, op. 120, av César Franck (1822–1890). Framføringa er teknisk solid, og i tolkingane får utøvarane fram det særeigne ved repertoaret.

Franck

Belgisk-franske Franck var i si tid kjend som instrumentalkomponist og orgelvirtuos med sans for den klassiske tysk-austerrikske tradisjonen. Etter at han overtok orgelprofessoratet ved Paris-konservatoriet i 1872, kom han til å prega ein heil generasjon unge, franske komponistar. Livsverket hans blir delt i inn i tre periodar, og fiolinsonaten frå 1886, komponert då han var 63 år, er kanskje det viktigaste i den siste bolken. Haga og Apekisjeva spelar verket med cello og klaver, ei omarbeiding den aldrande komponisten gjekk god for.

Sonaten er syklisk, noko som tyder at dei same musikalske temaa kjem att i fleire av satsane. Den varsamt pendlande melodien til celloen i fyrstesatsen blir spelt med lengt og atterhalde uttrykk av Haga, noko som effektivt byggjer opp forventninga til klaverets meir rørlege tema. Likevel ber heile satsen preg av forventning, som eit forspel til det som skal koma. Ekte intensitet oppstår fyrst i den eldfulle andresatsen, der melodien blir driven opp og fram gjennom eit mylder av tonerekkjer i klaveret.

Somme av partia, som blir presist artikulerte av Apekisjeva, minner om klavermusikken til J.S. Bach. Som organist og teorilærar var då òg Franck ein kjennar av barokkens komposisjonslære. I sistesatsen nyttar han ei gamal form, nemleg kanon, der celloen og klaveret spelar same melodi, men med ulikt startstidspunkt. Framføringa er litt nøktern, noko som i grunnen høver bra: Musikken talar for seg sjølv.

Strohl

Franck forfekta den reine instrumentalmusikken. På det punktet skilde han seg frå si yngre landskvinne Rita Strohl. Hennar «store, dramatiske sonate» frå 1892 er i grunnen eit musikalsk drama i fire akter basert på Bérénice, ein tragedie av Jean Racine med handling frå keisar Titus’ tid (79 e.Kr.).

I notane er kvar av satsane forsynte med eit sitat frå Racines skodespel. Over andresatsen, til dømes, står det: «I husværet til Bérénice. Hoffdamene freistar å underhalda henne med song og dans.» Som komponist rår Strohl over eit mangfald av stilar og uttrykk. Denne satsen, som er den mest livfulle, blir av utøvarane spelt med eit musikalsk vidd à la Mendelssohns scenemusikk til Ein midtsommarnattsdraum.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis