Musikk

Frå toppen av treet

Ingvild Flottorp følgjer opp det kritikarroste debutalbumet frå i fjor.

Ingvild Flottorp er ein vokalist ein straks legg merke til, meiner Øyvind Vågnes.
Ingvild Flottorp er ein vokalist ein straks legg merke til, meiner Øyvind Vågnes.
Publisert

Det må vere litt av ei kjensle småfuglen har, når tida er komen for først å spreie vengene og ta steget frå greina og rett ut i lause lufta, med bakken under seg, langt der nede. Er det rart at det vert velbrukte språklege bilete av slikt?

Nært og familiært

At det endå ikkje er tømt for potensial, er likevel tydeleg om du tek ein lytt til «Here I Go», det tredje sporet på I Just Want To Know It All, det nye albumet til Ingvild Flottorp, som kjem i dag. Livet er fullt av risiko, og impulsen er gjerne å verne seg mot denne – men så må vi likevel ta sjansen og komme oss opp i treet, om det skal verte til noko, ein underliggjande tematikk på fleire av songane på denne plata.

Flottorp, som er 23 år gammal, kjem frå sørlandsbygda Åmli – der ho hadde ein idyllisk oppvekst, om ein skal lese den matte gløden i nostalgiske «Childhood Years» biografisk – og platedebuterte med It All Seems So Clear i fjor vår, til jubel frå kritikarane. Fleire av dei som var med den gongen, er også å finne på I Just Want To Know It All. Ikkje minst har albumet noko nært og familiært over seg: Storebror Tobias Flottorp Heltzer er med på bass og ei heil rekkje andre instrument, og korar, og han har også produsert og miksa, medan storesøster Johanne Flottorp også syng med og i tillegg medverkar på hardingfele.

Ein bør også trekkje fram strykearrangementa til Mathias Langfeldt, som tilfører fleire av songane mykje. Dei som hugsar steelgitaren på «Not Anymore» på førsteplata, kan glede seg over at Øyvind Blomstrøm er med på pedalsteelgitar på I Just Want To Know It All, der han til dømes kler pianoballaden «When We Try» med det dempa, smakfulle spelet sitt. Aller mest sentralt i dette uttrykket står likevel Flottorps reine og klåre røyst, som gir musikken sitt mest tydelege, definerande særtrekk. Ho er ein vokalist ein straks legg merke til.

«Nordicana»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement