Frå Frans av Assisi til AC/DC
Haustens plater frå Strand of Oaks og The Felice Brothers er medvitne om rotfesta dei har i tradisjonen.
Timothy Showalter syng om John Prine på det nyaste albumet til Strand of Oaks.
Pressefoto
Rock
Strand of Oaks:
In Heaven
Thirty Tigers / Border
Rock
The Felice Brothers:
From Dream to Dust
Yep Rock / Border
Kven er denne John som Timothy Showalter syng om på «Somewhere in Chicago», ein av songane på det ferske Strand of Oaks-albumet In Heaven? Det kjennest litt risikabelt når tekst, melodi og framføring tyder på at det er ingen ringare enn sjølvaste John Prine (1946–2020).
Ein slik gest kan fort verte ganske klein. Å syngje ein song til ein av dei største låtskrivarane, bør ein ikkje då skru saman ein rimeleg bra låt? Men så balanserer det ganske så fint når vi følgjer Prine gjennom gatene i Chicago, i delstaten Illinois, der han voks opp. Eg er glad for at Showalter hadde mot til det.
Eit par år har gått sidan Eraserland, der Strand of Oaks hadde med seg My Morning Jacket på ein heisatur inn i den klassiske rockens tropar og grep, i ekstatiske spor som «Forever Chords». Eit par musikarar frå bandet er med denne gongen òg.
Jimi og katten
At Showalter igjen skriv seg inn i ein tradisjon, og nikkar og bukkar til denne, er ikkje berre tydeleg med avstikkaren til Chicago. Han er lettare på foten på In Heaven enn sist, med ein meir popprega lydproduksjon, som uunngåeleg vil få fleire (ikkje minst i min generasjon) til å tenkje på Jeff Lynne (lytt til dømes til opningssporet «Galacticana»).
Synthen har fått ein meir markant plass i lydbiletet og tilfører uttrykket noko eterisk, som på fine, kassegitardrivne «Horses at Night». Det viser seg elles etter kvart at ikkje berre Prine heimsøkjer In Heaven. Som tittelen lovar, løftar Showalter blikket mot himmelen, og der får han auge på både katten sin, Stan, og Jimi Hendrix, og plasserer dei to saman i ein draum i «Jimi and Stan» – ein konstellasjon utanom det vanlege. Dei som ikkje lenger er mellom oss, spelar ei sentral rolle på In Heaven.
Strand of Oaks skrur ikkje frå kvarandre alt og byggjer det på nytt, så det er ikkje originaliteten som vil trekkje folk til dette albumet. Men Showalter kjenner tradisjonen han skriv seg inn, og veit korleis han skal byggje sitt eige hus i det musikalske nabolaget han vil halde til i.
Humoristiske rim
Det kan ein også seie om The Felice Brothers, som kom ut med From Dreams to Dust for eit par veker sidan. Eg har sett pris på fleire av platene til denne gjengen frå nordre del av delstaten New York, og har løfta fram eit par av dei på desse sidene, men eg kan ikkje hugse å ha høyrt dei i betre form enn her. Aldri har vel Ian Felices songpoesi hatt friare flyt, men likevel vore meir skarp og presis, og dei høgst reelle ekkoa frå både Dylan og The Band på 1960-talet (og ikkje minst The Basement Tapes) er aldri forserte – til det går det føre seg for mykje anna her.
Humor har desse folka også. Fleire gonger må eg kneggje til Felices rim, som sjeldan er slitne, med sine konstellasjonar av ord og frasar på tvers av tid og rom («St. Francis of Assisi» rimar på «AC/DC», men eg vil tru dette er første gong dei to namna vert kopla saman). Avslutningssporet «We Shall Live Again» er heilt framifrå, ein uredd, likefram vri på Seegers folkhymne, med eit glimt i auget som likevel ikkje heilt maktar å hindre tåra frå å komme fram i augekroken, når alt kjem til alt. Stort meir kan ein ikkje be om.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement