Musikk

Forvirra føremål

Den avlidne artisten Aviciis interaktive samlealbum i VR er ein paradoksal gimmick.

Publisert Sist oppdatert

Artistar som Justin Bieber har den siste tida halde illevarslande konsertar i det såkalla «metaverset», og i dag kjem Avicii Invector: Encore Edition ut på virtuell røynd-plattforma «Quest 2» på Meta (tidlegare Facebook). Det interaktive samlealbumet inneheld 35 av låtane til den avlidne svenske artisten Tim Bergling, betre kjend som Avicii.

Ofte har tekstane svært depressivt innhald som står i kontrast til dei hyperkommersielle, i stor grad muntre melodiane. Dei klisjéfylte arrangementa vekslar mellom (country-)pop og kommersiell dansemusikk med svært føreseielege og pompøse crescendo.

Medan songane vert spelte, lyt ein fly eit romskip gjennom tunnelar i tid og rom og trykkje på knappar i ein slags rytmisk fingerdans. VR-gimmicken distraherer utan å tilføre meining, men dei lemfeldige animasjonssekvensane innimellom låtane tyder på arbeidspress og konflikt mellom helse og ambisjon.

Artisten gjorde sjølvmord i 2018, og Tim Bergling Foundation donerer delar av inntektene til føremål som kan hindre sjølvmord og auke medvitet om mental helse. Auka kunnskap kring psykisk helse er bra, men det er underleg at agendaen til velgjerdsstiftinga også har eit kryptisk punkt som heiter «business management».

Ericsson Globe skifta namn til Avicii Arena i fjor, nyleg opna museet Avicii Experience i Stockholm, overdådige monument har blitt reiste i artistens namn – som er lånt frå det lågaste nivået i det buddhistiske helvetet, Avici.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement