Forventa sterk debut
Kvartetten har det meste pluss perfekt kjemi.
Flukten er (f.v.) Hans Hulbækmo, Bardur Reinert Poulsen, Marius Klovning og Hanna Paulsberg.
Foto: Bjørn Opsahl
Jazz
Flukten:
Velkommen håp
Hanna Paulsberg, tenorsaks; Marius Klovning, gitar; Bárdur Reinert Poulsen, bass; Hans Hulbækmo, trommer.
ODIN CD9576
Denne kvartetten har nytta pandemien godt. Frå berr bakke hadde dei i løpet av eit knapt år klart eit repertoar som no ligg føre som utgjevinga Velkommen håp. Dei har også nådd å gjera inntrykk på konsertscenen. Alle fire er velkjende aktørar på den norske jazzscenen, og dei kunstnarlege vegane deira har kryssa kvarandre ved fleire høve.
Lovord
Det manglar ikkje på lovord til trommeslagaren Hulbækmo. Også denne meldaren har late seg imponera, og det han gjer på denne plata, svekkjer ikkje inntrykket, men her har han i tillegg komponert sju av ti låtar, «Mellomspill» rett nok i samarbeid med dei tre andre. Hulbækmo har fått folkemusikken inn med morsmjølka, og det kan ein høyra.
Komposisjonane ligg sjangermessig innanfor eit moderne jazzomgrep, men det finst melodifragment og rytmiske figurar som «avslører» folkemusikaren Hulbækmo. Både «Budeie boogie» og «Blomstrene» er glitrande døme.
Dei to Klovning-bidraga «Framsyning» og «Jonas og hvalen» (her må det vera lov å spørja nynorskbrukaren Klovning kva som er gale med kvalen?) viser to karakteristiske sider ved han som komponist, den første skakk, rubato og Frisell-inspirert og den andre ei lyrisk perle av ein ballade med eit makelaust gitarkor.
Heilskapleg
Paulsberg står ansvarleg for «Pave Toten Totten», men ho tek sitt mon att som solist. Ho meistrar kunsten å hinta betre dei fleste. Ho smyg seg inn med nokre varsame støytar på saksofonen før ho tek full plass med nokre velformulerte linjer i beste Sonny Rollins-stil, som i «Tennis med Torstein» og nemnde «Budeie boogie». Ho evnar å tenkja i lange linjer, å skapa heilskapleg forteljingar.
Poulsen har eit glitrande solistisk bidrag på «Bleik myrk legg», men ei gjennomlytting med bassfokus fortalde meg at han i tillegg gjer alt rett som del av kompet. Håpet lever!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.