JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Forrykande om Rotneims-Knut

Det nylaga teaterstykket om stordansaren Rotneims-Knut hausta ellevill applaus.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rotneims-Knut og kona hans Margrethe, spela av Ådne Geicke Kolbjørnhus og Margit Myhr, gifta seg kring 1839.

Foto: Knut Utler / Folkorg

2851
20240705
2851
20240705

Teater

Eldgrim Springgard:

Rotneims-Knut

Landskappleiken

Storfelt dans, flott musikk og ikkje minst menneskeleg tragedie. Alt dette blir skildra i teaterstykket Rotneims-Knut som sist fredag blei urframført for eit fullt hus i den store idrettshallen på Gol. Stykket er eit skuleeksempel på korleis ein kan kombinera tradisjonsmusikk og -dans med ei gripande handling som har appell langt utover den harde kjernen i folkemusikkmiljøet.

Framsyninga Rotneims-Knut handlar om dansaren og slåstkjempa Knut Skaga frå bygda Rotneim mellom Gol og Ål i Hallingdal. Han var fødd i 1809, og då han var i militæret, dansa han for sjølvaste kongen av Sverige og Noreg. Slåtten han dansa til, vart seinare kalla opp etter han. I heimbygda var det ingen som kunne dansa som han, og særleg kjend var han for hallingkasta sine. Rotneims-Knut imponerte alle, ikkje minst dei unge jentene i bygda, men samstundes var han ærekjær og mykje av ein kranglefant som ofte hamna i vanskar.

Dømd til livstid

I 1839 var Knut om lag 30 år gamal. Livet hans såg ut til å ta ei meir fredeleg vending då han gifta seg med Margrethe Olsdatter Jorde. Men rett etter bryllaupet blei han tiltala for ei lang rekkje med brotsverk, mellom anna knivstikking og slåsting. At han kom i klammeri med presten i bygda, tala heller ikkje til hans fordel.

Knut vart dømd til å sitja på Akershus festning på livstid, men slapp ut etter berre nokre få år på grunn av god framferd. Ifylgje lokale forteljingar blei han oppsøkt av sjølvaste Ole Bull, som ville sjå han dansa. Rotneims-Knut klarte ikkje å dansa etter fiolinen til Ole Bull, og fyrst då ein lokal spelemann kom til med ein hardingfeleslått, synte Knut fram den dansen han var så vidgjeten for.

Ole Bull vart imponert, og han gav Rotneims-Knut tilbod om å vera med på turné for å syna fram ekte norsk bygdedans. Uklart av kva for årsak sa han nei til tilbodet. Heime i bygda klarte han ikkje å halda seg unna krangel og småkriminalitet, og livet hans enda tragisk i 1851.

Heimebrenning

Dette er ei forrykande framsyning av dansen og musikken i fyrste halvdelen av 1800-talet – i tillegg får ein også sjå kor øydeleggjande alkoholen var på dei norske bygdene. Danskekongen forbaud heimebrenning på 1750-talet, men i 1816 blei det tillate av Stortinget. Det er berekna at kvar vaksen innbyggjar i Noreg i 1840 drakk 13 liter rein alkohol, mest i form av brennevin. Kva det førte med seg, blir grundig illustrert gjennom heile teaterstykket om Rotneims-Knut.

Teaterstykket om Rotneims-Knut er eit resultat av samarbeid mellom ulike kulturkrefter i Hallingdal. Hovudrolla som Rotneims-Knut blir spela av Ådne Geicke Kolbjørnhus, mens Margit Myhr spelar kona hans Margrethe. Manuset er skrive av Eldgrim Springgard.

Halvor Tjønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis