JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Føregangskomponisten

Erik Satie var ein kompromisslaus komponist.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den franske komponisten Erik Satie (1866–1925).

4360
20170428

Erik Satie

Tilrådd lytting:

Reinbert de Leeuw – Gymnopedies & Gnossiennes (Decca/Phillips, 1980)

Musique De La Rose-Croix / Pages Mystiques / Uspud (LTM Recordings, 2007)

Cubist Works (LTM Recordings, 2007)

Dada Works & Entr’Actes (LTM Recordings, 2007)

Musique D’ameublement (Apex, 2004)

Film:

Things Seen to the Right and the Left (BBC/ Skyscraper Productions)

Det er ikkje mykje klassisk musikk eg kan seia har treft meg så direkte som Saties særs stemningsskapande, elegante og minimalistiske piano- og orkestermusikk. Det er noko med den rike klangverda han klarar å skapa, gjerne ut ifrå enkle motiv og klåre melodiar, i kombinasjon med ofte heilt uventa, utradisjonelle akkordar og vendingar, som likevel kjennest så riktige.

Han er mest kjend for ein av sine fyrste komposisjonar, Gymnopédie No. 1, mykje brukt i både TV-seriar og i reklamesamanheng, men han har elles ein svær produksjon frå dei aktive åra sine. Han har også vore ein stor inspirasjon for andre komponistar, mellom andre både Claude Debussy, Maurice Ravel og John Cage, Phillip Glass og Carla Bley i seinare tid.

Komposisjonstalent

Erik Satie vart fødd i Honfleur i Normandie i 1866. Han fekk orgelundervisning i heimbyen som born, og seinare pianoundervisning av stemora då familien flytta til Paris.

Han byrja på konservatoriet i Paris alt tidleg i tenåra, men vart stempla som både lat og lite teknisk dyktig av sine tidlege lærarar, og vart kasta ut to gonger. Samstundes viste han eit stort komposisjonstalent, og byrja tidleg å publisera eigne stykke offentleg. Han kalla seg ikkje komponist, men «gymnopedist», eller «fenometograf» – ein som måler og noterer lyd.

Tidleg i tjueåra busette han seg i bydelen Montmartre i Paris og vart ein del av kunstnarmiljøet der. Han arbeidde mellom anna som kabaretpianist, samstundes som han heldt fram med å publisera musikk. Seinare vart han av økonomiske grunnar tvinga til å flytta til forstaden Arcueil, kor han budde og verka fram til han døydde i 1925.

Kompromisslaus

Satie vart sett på som eksentrisk og særs kompromisslaus både i stil, veremåte og kunstnarisk verksemd. Musikken hans kan sjåast på som eit motsvar til den grandiose og romantiske musikken, og han kunne ikkje fordra komponistar som Wagner, eller annan musikk han oppfatta som pompøs.

Han arbeidde også nokre år som kapellmeister og komponist for Rosenkorsordenen, og skreiv i denne tida ein god del musikk som samtida forkasta. Musikken vart ikkje framført før i nyare tid, mellom anna verket Vexations frå 1893, der eit enkelt og suggererande tema skal repeterast så mange som 840 gonger. Stykket kan vara i alt frå om lag 14 til 28 timar, og vart fyrst urframført av John Cage i 1963.

Eg kan òg nemna den sofistikerte og modernistiske ballettmusikken Uspud, som vart skriven i 1892, men som hadde premiere fyrst i 1979, i Paris.

I ein alder av 39 år byrja Erik Satie for tredje gong på konservatoriet, for å studera klassisk toneføring og kontrapunkt. Han vart uteksaminert i 1908, denne gong med toppkarakterar. I åra som følgde var han svært produktiv, samstundes som dei tidlegare korte stykka han skreiv for piano, hadde stor suksess. Han fornya seg stadig i møte med nyare kunstuttrykk, som til dømes kubismen, gjennom møte med kunstnarar som Georges Braque og Pablo Picasso.

Ballettførestillingar

Han samarbeidde nært med Picasso om dei to ballettførestillingane Parade og Mercure, som tok i bruk heilt nye effektar og scenografi, og som hadde ein enorm påverknad på avantgardekunsten vidare. Her skreiv han meir komplekse arrangement for orkester, og musikken tar i bruk ei mengd referansar frå jazz og tidas populærmusikk, i tillegg til lydeffektar som føregrip både meir moderne filmeffektar og 1950-talets konkretmusikk.

Satie skapte òg ein heilt eigen musikktype, musique d´ameublement, eller «møbelmusikk», som ein kan sjå som forløpar til muzak, moderne bakgrunnsmusikk. Problemet med møbelmusikken var at han var for bra og interessant; folk stoppa opp og høyrde etter.

Dei siste åra han levde, var han ofte assosiert med ei fløy av dadaistane, og han samarbeidde mykje med kunstnarar frå den meir surrealistiske greina av kunstverda, noko som gjev seg utslag i mykje av musikken han skreiv mot slutten av livet.

Stein Urheim

Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis