Musikk

For lite hjarte

Edvin Østergaards musikk er kompo­sitorisk raffinert, men trøytar øyro.

Frå innspelinga i Sofienberg kyrkje i Oslo.
Frå innspelinga i Sofienberg kyrkje i Oslo.
Publisert

For å skjøna tittelen på dette albumet måtte eg til Det norske akademis ordbok, som forklarar substantivet ørenslyd som ein «mulighet for å høre noe som blir sagt eller for selv å bli hørt». Namnet kjem frå det siste verket på plata, Ørenslyd. Ritus V. Dette tredelte stykket for tre songarar og kontrabass har tekst frå Matteusevangeliet, frå Duineser Elegien av den austerrikske forfattaren Rainer Maria Rilke (1875–1926), og frå eit føredrag av den tyske fysikaren og naturforskaren Hermann von Helmholtz (1821–1894).

Komponisten Edvin Østergaard (fødd 1959) skriv at det «er skrevet som en utforsking av samspillet mellom den menneskelige stemmens klanglige mangfold og kontrabassens rike akustiske uttrykk».

Overtonar

Det utforskande, særleg av ukonvensjonelle spele- og syngeteknikkar, pregar mykje av plata. Solostykket Intro A (2019), som granskar kontrabassens akustiske kapasitetar, er det mest systematiske. Dissonansane i det djupe registeret er særs tydelege, for dei kling heilt fysisk, som om me høyrer lydbølgene kollidera i lufta.

Kontrabass er også eit eigna instrument for såkalla flageolettspel. Overtonane er lettare å høyra enn på mindre strykeinstrument av di dei ligg i så djupt register, altså nærare menneskerøysta, og resultatet minner då òg om mongolsk strupesong.

Men med over 18 minuttar er stykket altfor langt å lytta til. Eg går lei av lydeffektane, for det heile glir over i ein fysisk klangstudie. Musikken blir eit vitskapleg arbeid meir enn eit estetisk, det er som om notane treng fotnotar for å fattast. Kontrabassisten Håkon Thelin imponerer likevel. Vibratoen hans er fin, intonasjonen (med få unntak) god, og rytmisk stabilitet er der allstad. Den gode lydkvaliteten på innspelinga gjer at me sansar kvar detalj.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement