Folkemusikk i klassisk bunad
Arve Sølvberg og Øyvind Lyslo tek for seg komposisjonar av jølstringen Anders Viken.
Anders Viken flankert av Arve Sølvberg og Øyvind Lyslo.
Foto: David Zadig
FOLKEMUSIKK
Arne Sølvberg og Øyvind Lyslo:
Slåttar og tonestykkje av Anders Viken
Arne M. Sølvberg, hardingfele og fiolin; Øyvind Lyslo, klassisk gitar
Lærdal Musikkproduksjon
Norsk folkemusikk har lenge vore dominert av solistiske framføringar. Hovudunnataka har vore lagspel på fele/hardingfele, der melodien oftast vert framført unisont, eller gamaldansmusikk der trekkspel, gitar og bass gjerne utgjer kompet. Det var først frå 1970-åra og framover at folkemusikarar for alvor byrja å dyrka samspel med musikarar frå andre stilartar, ofte jazz, eller skapa ny folkemusikk influert av annan musikk.
Sjangerblanding
Innan den klassiske musikkulturen har folkemusikken gjerne tent som råstoff, eller utgangspunkt for nye arrangement, jamfør Grieg. Men samspelsformer der desse musikkulturane møtest, er ikkje så vanleg, dersom ein ser bort frå nordfjordspelemannen Arne M. Sølvberg og den klassiske gitaristen Øyvind Lyslo, som alt i 1990 gav ut plata Syngjande strenger.
Men sameininga av folkemusikk og klassisk musikk er likevel ikkje Sølvberg og Lyslos oppfinning. All musikken på plata er komponert av Anders Viken (1898–1977) frå Jølster, som både dyrka den lokale folkemusikken og hadde lært seg klassisk fiolinteknikk.
Konservativt
Det er noko konservativt over dette prosjektet: Komposisjonane har minimalt til felles med det som Vikens jamgamle modernistiske komponistar dreiv med. Og arrangementa til Lyslo kan heller ikkje seiast å vera nyskapande. Men uansett er dette godt utført, og eit godt døme på at honnøromgrepet «mangfald» ikkje berre omfattar det som er grensesprengande og radikalt, men òg bør inkludera det som er attendeskodande.
Den fysiske versjonen av plata er utstyrt med eit omfattande teksthefte forfatta av Sølvberg. Og dette er nok ei påminning om at den heilskapen som plate, prenta tekstar og visuell utforming utgjer, framleis er aktuell.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.