Folkemusikk i industriminne
Fyrste landskappleiken på tre år blei avvikla i ein monumental industrihall på Rjukan sist helg.
Hannah Moira Midtbø-Bruner vann Spel fele C og av Steintjønndalen-fela. Her får ho òg vete at ho får Furestipendet på 10.000 kroner.
Foto: Knut Utler
Folkemusikk og folkedans
Landskappleiken
Tinn Rjukan
22.–26. juni 2022
«Tre’e venda tel» var mottoet for det største folkemusikkarrangementet i Noreg i år. Mottoet speglar den noko krokete vegen denne landskappleiken har hatt: Fyrst skulle han ha vore arrangert i 2020, og så i 2021. Det tredje året – i 2022 – blei det endeleg mogleg å samla folkemusikkinteresserte frå heile landet.
For alle som har fylgt landskappleikane gjennom dei siste tiåra, var arrangementet på Rjukan eit særsyn: Hovudarenaen var Såheimhallen, ein enorm industrihall som blei bygd rett føre og under fyrste verdskrigen. Opphavleg stod det 35 Birkeland-Eyde-omnar inne i hallen. Dette var omnar som ved hjelp av ein ljosboge omforma nitrogen og oksygen i lufta til nitrogenoksidgass, som igjen blei brukt til å produsera kunstgjødsel. I 1991 ble hallen omgjord til idrettshall. Slik lokalet er utforma no, kan det romma 1200 menneske. Under fleire av tilskipingane sist helg var hallen fylt til siste plass.
Dahle-arven
Ikkje uventa var det folkemusikken i Telemark og særskilt i Tinn som stod i sentrum under kappleiken. Nokre steinkast frå staden der Landskappleiken gjekk av stabelen, ligg heimplassen til Knut Dahle, som levde frå 1834 til 1921. Knut Dahle var ein av dei store spelemennene i Telemark, nest etter Myllarguten. Gjennom heile livet var Knut Dahle oppteken av at spelet etter han måtte bli teke vare på. Han lukkast godt med det, og tradisjonen etter han lever i Tinn og i Telemark i dag.
Dahle-arven lever òg i den norske kunstmusikken. I 1888 skreiv Knut Dahle til Grieg og spurde om ikkje komponisten kunna skriva ned slåttane hans. Nokre år etter skreiv Johan Halvorsen ned 17 av slåttane, og dei blei utgangspunktet for fleire av klaverstykka som Grieg komponerte. Under kappleiken på Rjukan blei dette mint gjennom ein konsert i Såheimhallen der mellom anna Knut Buen spela hardingfele, og Håvard Gimse spela klaver.
Den rike kvedartradisjonen i Tinn, Vinje og i Setesdal blei også markert gjennom ein båttur på Tinnsjøen med den gamle ferja «Storegut». I si tid var «Storegut» ei av ferjene i sambandet mellom Rjukan-samfunnet og veg- og jarnbanenettet i Telemark. Førre fredag samla mellom anna Kirsten Bråthen Berg og Halvor Håkanes nesten 200 menneske på ferja for å feira kvedartradisjonen.
37 ulike klasser
Som vanleg på ein landskappleik var det eit utal tevlingar, i ikkje mindre enn 37 ulike klasser. Ikkje minst fordi tevlinga var i Telemark, var det knytt spenning til hardingfele klasse A, klassa der dei fremste hardingfelespelemennene- og kvinnene i landet stiller opp. I år hadde klassa i alt 17 deltakarar, med storleikar som Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa, Johanne Flottorp, Alexander A. Røynestrand, Jan Beitohaugen Granli og Torgeir Straand.
Under og rett etter tevlinga var det fleire tidlegare vinnarar av Landskappleiken som gissa på at anten Per Anders Buen Garnås frå spelemannslaget Bøheringen eller Ottar Kåsa frå Falkeriset spelemannslag ville gå av med sigeren. Ottar Kåsa, som tidlegare har vunne Landskappleiken fire gonger, imponerte med den andre slåtten sin, «Nordfjordingen». Framføringa av den slåtten var kan hende noko av det beste som er gjort på ein norsk kappleiksarena. Då Ottar Kåsa slutta spelet, var applausen overveldande.
Det viste seg at Ottar Kåsa måtte ta til takke med ein delt fjerdeplass, saman med Sivert Andreas Holmen frå Øystre Slidre spel- og dansarlag. Den som tok fyrsteplassen, var Alexander A. Røynstrand frå Hardanger spelemannslag. Han vann òg A-klassa i 2019, slik at han no er dobbeltvinnar av klassa. Spelet hans står solid planta i Hardangertradisjonen, og i tevlinga i år framførte han to slåttar av høg kvalitet. På scena hadde han ein fri og ledig stil, samstundes som han synte fram ein suveren teknikk.
Tett i teten
Mellom dei åtte beste i årets tevling skilde berre sju poeng. Vinnaren Røynstrand fekk 92 poeng, medan Lars Ingar Meyer Fjeld og Jan Beitohaugen Granli som delte på sjuandeplassen, fekk 85 poeng. Som i alle tevlingane under Landskappleiken hadde domarane også her ei rekke med faste kriterium å halda seg til.
Det handlar mellom anna om framføringsmåte, om takt og rytme, om tonen er rein eller ikkje, og dessutan om slåtteform. Når det gjeld reine tonar, var det knapt noko problem, ettersom ingen som tok del i A-klassa i årets kappleik, gjorde seg skuldige i ureint spel. Takt og rytme handlar om det er dansegnist i spelet. Framføringsmåte går på mynde, det vil seia om spelemannen eller -kvinna spelar slåtten med stor nok autoritet, og om han eller ho har den heile og fulle makta over instrumentet. Slåtteforma handlar om at den slåtten som blir framført, kjem i ein god eller mindre god versjon. Mange slåttar finst i fleire ulike variantar, men om éin variant har festa seg, blir han rekna som den klassiske som ein helst bør halda seg til.
Så er det nokre andre element som òg kan gjera seg gjeldande: Mellom anna handlar det om stemming av fela. Om utøvaren stemmer fela altfor lengje på scena, kan det trekkja ned. Under spelet er det dessutan viktig at spelemannen markerer takta med føtene. Men om ein får inntrykk av at det er ein heil hesteflokk som kjem springande, vil det verka negativt.
Det seier seg sjølv at desse kriteria kan bli brukte nokså subjektivt av domarpanelet. Om ein spelemann har eller ikkje har autoritet, kjem ofte an på augo som ser. Kva for ei slåtteform som blir brukt av den aktuelle spelemannen, kjem i stor grad an på kor i landet ein kjem i frå. Difor kan døminga i mange høve bli eit reint lotteri.
Ofte er det slik at om ein av domarane har ei tung innvending mot ein av utøvarane, då gjev dei andre to seg. Ikkje uvanleg er det at domarane blir einige om ei rekkjefylgje, og så set dei opp poengsummar etter det. Ein ser det i årets kappleik, der Alexander A. Røynstrand fekk 92 poeng, mens Per Anders Buen Garnås fekk 91 og Johanne Flottorp fekk 90 poeng. Den eine spela neppe eitt poeng betre eller dårlegare enn den andre, men domarane blei einige om den fordelinga av dei tre fyrste plassane.
Unge utøvarar
Nær heile A-klassa i hardingfele bestod av unge utøvarar. Alexander A. Røynstrand er 32 år gamal, mens Johanne Flottorp er 31. Garnås og Kåsa er fødde fyrst på 1980-talet. Det gjev god von om at hardingfelespelet i Noreg kjem til å halda seg på eit høgt nivå i mange år. Dessutan manglar det ikkje på tilvekst. I klasse B hardingfele, den klassa som rekrutterer utøvarar til A-klassa, var det i år ikkje mindre enn 45 deltakarar. Denne klassa blei vunnen av Marie Tveiten frå Seljord folkemusikklag.
Om telemarksfavoritten Ottar Kåas berre blei nummer fire i hardingfele klasse A, vann han saman med Mattis Kleppen open klasse. Den opne klassa som blei innført på Landskappleiken for 20 år sidan, har fått meir og meir merksemd. Deltakarane kan spela på nær sagt kva for instrument dei vil, men det må ha ein eller annan samanheng med norsk folkemusikk. Kåsa og Kleppen framførte slåtten «Svartofsen» med hardingfele og elbassgitar i kombinasjon. Elles i klassa kunne ein høyra trommer og hardingfele saman, i tillegg til akustisk gitar, dans, trekkspel og ikkje minst vokal fylgt av fele.
Hallingkast
Ein publikumsvinnar på alle kappleikar er halling – eller lausdans, som han òg blir kalla. Dei fleste har sett halling i samband med oppvisningar, mellom anna når det offisielle Noreg skal gjera inntrykk på gjestar frå utlandet. Dei siste åra har gruppa Frikar, som blei etablert av dansaren og koreografen Hallgrim Hansegård, hatt stor suksess som eit utstillingsvindauge for denne delen av den norske tradisjonsdansen.
Opphavet til dansen er det ingen som veit, men heilt tydeleg må funksjonen i bygdesamfunnet ha vore den at gutane skulle visa dei unge jentene kor gjæve karar dei var. For det fyrste måtte ein sparka ned hatten, som blei halden av ei ung jente ytst på ein lang kjepp. Så skulle ein slå stift og dansa på huk, slik ein ser det i ukrainske og russiske folkedansar. I tillegg er det eitt nummer som krev lang trening, nemleg å gripa éin fot med motsett hand og hoppa over med den andre foten.
Inne i Såheimhallen kunne ein under Landskappleiken i år sjå mange av dei beste hallingutøvarane i Noreg på rekkje og rad. Tradisjonelt har halling blitt dansa i Fjord- og Fjell-Noreg. Dette blei avspegla på deltakarlista også i år: Sterkast representert var Numedal, Telemark, Hallingdal og Valdres, forutan gruppa BULder og Brak frå BUL i Oslo.
Dommen
Igjen er det vanskeleg å vita nøy-
aktig kva domarane legg vekt på når dei skal rangere dansarar som alle er i toppklassa, men mange premierer den dansen som held seg nærmast opp til det tradisjonelle. Antakeleg var det årsaka til at Bjørnar B. Heimdal frå Numedal spel- og dansarlag vann A-klassa, mens Hallgrim Hansegård, som hentar inn fleire meir utradisjonelle innslag i dansen sin, enda på femteplassen. Det inneber ikkje at Hansegård er uglesett i det norske dansarmiljøet. Så seint som i 2015, på Landskappleiken på Fagernes, vann han kongepokalen for dansen sin.
I klasse A halling var det ingen kvinner med, men blant dei yngre og mindre etablerte var det fleire jenter. I C-klassa var to av fem deltakarar jenter, og også i B-klassa var det to jenter. Spesielt den eine av dei – Sikia Heien, med røter frå Rogaland, Vest-Afrika, Jamaica og USA – dansa etter denne journalisten si meining forrykande godt, sjølv om domarane berre lønte henne med ein tolvteplass. Vilde E. Westeng frå Gransherad spel- og dansarlag kom på ein heiderleg fjerdeplass i B-klassa, men diverre ikkje så høgt oppe på lista at ho denne gongen kvalifiserte seg til dans i A-klassa dei neste åra.
Flott premie
Spesielt i Landskappleiken i år var ein premie som var sett opp for vinnaren av klasse C hardingfele, det vil seia yngste klasse. Øystein Haugen frå Tessungdalen, leiaren for hovudnemnda for årets landskappleik, hadde donert ei fele laga i 1893 av felemakaren Knut Steintjønndalen frå Bø. Steintjønndalen-fela skal vera blant dei beste som er produsert i Telemark gjennom dei siste slektsledda.
Den som vann fyrsteprisen og fela, var Hannah Moira Midtbø-Bruner frå Osterøy spel- og dansarlag. Fela blei overrekt den unge utøvaren på den avsluttande meisterkonserten i Såheimhallen sundag middag.
Halvor Tjønn
Halvor Tjønn er fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den eine spela neppe eitt poeng betre eller dårlegare enn den andre.
Under spelet er
det dessutan viktig at spelemannen markerer takta med føtene.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.