Fokusert
Vesle Rosendal ruvar i det norske festivallandskapet.
Baroniet frå 1665 er Rosendals kjennemerke.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Rosendal Kammermusikkfestival
Rosendal 7.–10. juli 2022
n Intimfestival grunnlagd av Leif Ove Andsnes i 2016
n Arrangert i og kring baroniet, som er frå 1665
n Byr på kammermusikarar i verdsklasse
n Vanlegvis i august, men i år framskunda til juli
Bakgrunn
Ludwig Van Beethoven
n Tysk komponist i overgangen frå wienerklassisismen til romantikken
n Fødd i Bonn i 1770, død i Wien i 1827
n Komponerte mellom anna 9 symfoniar, 5 klaverkonsertar og 32 klaversonatar
n Sjølve sinnbiletet på det romantiske kunstnargeniet

Kommentar
sjurhabring@gmail.com
Når det gjeld festivalar, er større så visst ikkje alltid betre. Rosendal Kammermusikkfestival, som i år gjekk føre seg frå torsdag 7. juli til sundag 10. juli, er kort og intens. Langhelga baud på ti konsertar, i tillegg til konsertintroduksjonar og samtalar – alt på høgaste nivå, med nokre av verdas beste klassiske musikarar.
Kunstnarleg leiar er pianisten Leif Ove Andsnes, som starta det heile i 2016. Han er vel den norske musikaren som har best føresetnad for å handplukka kollegaer til prosjekta sine. Eit døme: Då den tyske cellisten Tanja Tetzlaff fekk korona, måtte han finna ei erstatning. Erstatninga bar ikkje preg av å vera noka naudløysing. Engelske Steven Isserlis, som er ein av vår tids absolutt beste cellistar, tok på kort varsel turen til Rosendal.
Fjordferd
Rosendal er ein liten tettstad med små spelestadar. Det er difor lurt å tinga overnatting og konsertbillettar i god tid. Tilreisande langvegsfrå dreg vanlegvis via Bergen. På Vågen eller Flesland stig ein om bord på «Hardangerfjordekspressen» (katamaranen M/S «Rygerfonn»), som brukar knappe to timar til Rosendal. I godt vêr er denne fjordferda ei oppleving i seg sjølv.
Kammermusikk er klassiske verk for små ensemble. Musikken er av intim karakter og høver best på mindre spelestadar. Rosendals kjennemerke, baroniet frå 1665, eignar seg lite til konsertar. Festivalens to arenaar er difor Kvinnherad kyrkje, ei vakker steinkyrkje frå 1200-talet med god akustikk, og Riddersalen (som er eit fjollete namn på ein ombygd låve, men akustikken er edel).
Festivaltemaet i år var Beethoven. Programmet krinsa kring denne romantiske giganten, førebileta hans og slike som har hatt han som førebilete. Beethoven-inspirert norsk samtidsmusikk var difor også å høyra, som Ketil Hvoslefs (fødd 1939) Beethoven-fantasi og Beethoven Trio.
Dankar ut Bergen
Rosendal Kammermusikkfestival imponerte med stram og intelligent programmering og strengt fokus på kunstnarleg kvalitet. Når det gjeld klassisk musikk, synte han seg difor langt meir relevant enn Festspillene i Bergen – festivalen som år for år fjernar seg lengre frå formålsparagrafen om å «gi et bilde av de beste norske og internasjonale kunstfrembringelser, vesentlig innenfor musikk» og å vera «den fremste norske manifestasjon i sitt slag».
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Medan Haydns skjemt er tørrvittig, tek Beethoven det heilt ut.»
Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.