Flyttesjauen
Gaechinger Cantorey spelar to kantatar frå Bachs hektiske sommar i 1723.
Det tyske koret og barokkorkesteret Gaechinger Cantorey.
Foto: Martin Förster
CD
Johann Sebastian Bach:
Ich hatte viel Bekümmernis; Herz und Mund und Tat und Leben
Gaechinger Cantorey, dir.: Hans-Christoph Rademann. CARUS 2021
Mennesket Johann Sebastian Bach (1685–1750) veit me heller lite om. Det meste lyt me tyda ut frå offentlege dokument, or arbeidskontraktar og avisnotisar. 4. juni 1723 skreiv til dømes ei Leipzig-avis: «Kring middagstider førre laurdag kom fire vogner med husgeråd frå Köthen hit som tilhøyrde den fyrstlege kapellmeisteren, han som er kalla til byen som kantor. Klokka 2 kom han sjølv med familien på to vogner og flytte inn i den nyrenoverte leilegheita i Thomasskulen.»
Gjenbruk
Med seg til byen og stillinga som skulle bli verande hans resten av livet, hadde den 38 år gamle Bach kona Anna Magdalena og fem ungar. Yngstejenta Christina Sophia Henrietta var berre nokre veker gamal.
Eigentleg var overgangen til «kommunal sektor» – kantorstillinga ved Thomaskyrkja i Leipzig – eit steg ned på karrierestigen. I Köthen hadde han jo vore hoffkapellmeister hjå ein fyrste. Men han tenkte truleg på sønene sine. Leipzig var universitetsby, og her kunne dei få den universitetsutdanninga han sjølv aldri fekk.
Velferdspermisjon var eit ukjent omgrep den gongen – Bach måtte kasta seg ut i den hektiske kvardagen med komponering, innstudering og framføring av éin ny kantate til kvar sun- og helgedag. Men dei fyrste vekene tok han nokre snarvegar: Han fann fram nokre av dei gamle kantatane sine og omarrangerte dei slik at dei høvde til den aktuelle sundagen. To slike «gjenbrukskantatar» frå den hektiske flyttesommaren 1723 er det Gaechinger Cantorey under leiing av Hans-Christoph Rademann her har spelt inn på CD.
Ulike affektar
Kantatane skil seg i stemning og karakter. Tittelen til kantate 21, Ich hatte viel Bekümmernis («Eg hadde mykje otte»), seier sitt om grunnaffekten. Den todelte kantaten (fyrste del før preika, den andre etter) opnar med ein instrumental sinfonia, der melodilinene til oboen og solofiolinen slyngjer seg kring kvarandre i smertefulle dissonansar, drivne framover av dei jamne åttedelsnotane i basslina. (Oboisten spelar framifrå.) Lystigare blir det ikkje i korsatsen «Ich hatte viel Bekümmernis», som er full av melodiske sukk og stønn hjå songarane. (Denne satsen kunne vore spelt med meir driv.)
Kontrasten kunne ikkje vore større til kantate 147, Herz und Mund und Tat und Leben («Hjarte og munn og gjerning og liv»). Han opnar med ein korsats der den virtuose trompetstemma toppar jubelstemninga med blenkjande lekkjer av sekstendelsnotar. (Ensemblet musiserer her på sitt beste.)
Sistesatsen er vel den mest kjende av alle Bachs kantatesatsar: «Jesus bleibet meine Freude», i Noreg truleg mest kjend under den engelske tittelen «Jesu, Joy of Man’s Desiring». Gaechinger Cantorey framfører denne koralen i rett – det vil seia høgt – tempo.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.