Musikk
Fløyel for øyro
Harald Bergersen trakterer barytonsaksen som om han ikkje skulle gjort anna i heile sitt liv.
Harald Bergersen har spelt baritonsaksofon sidan 2013.
Foto: Lars Ferdinand Bergersen
Harald Bergersen har runda 84 år og er klar med ei av svært få plater i eige namn. Om diskografien på Wikipedia stemmer, er Baritone den fjerde i eige namn, men føyer ein til dei Bergersen har medverka på, kan ein plussa på 60 – alt frå Oslo symfoniorkester til Jan Eggum. Han er ein nestor i norsk musikkliv.
Barytonsaksen kjøpte han så seint som i 2013, men det er dette instrumentet han spelar på plata igjennom, akkurat som tittelen indikerer. Dei sju åra har han nytta godt, for han har full kontroll på instrumentet.
Låtutvalet er velkjent og smakfullt. Ti standardlåtar er supplerte med Bergersens eigen «Waltz for You» og Helgeruds gamalmodige svinglåt «Observing». Arrangementa har kvartetten gjort i lag, og dei er av det enkle og effektive slaget, der Bergersen er ein naturleg frontfigur.
Nokre gonger blir temaet presentert unisont av saks og bass, som i Tommy Flanagans «Freight Trane», eller bass, gitar og saks følgjer på kvarandre, som i Oscar Pettifords «Blues in The Closet». Slike og andre arrangementsgrep er med å setja farge på ei rett-på-sak tilnærming til stoffet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.