Musikk

Flettar saman karrierevegar

Karl Seglem har fokus på tenorsaksofonen og ny musikk.

Karl Seglem har laga eit nytt album i jazzkvartettformatet.
Karl Seglem har laga eit nytt album i jazzkvartettformatet.Karl Seglem har laga eit nytt album i jazzkvartettformatet.
Publisert

Jazz

Som kunstnar har Seglem følgt tre spor. Han har dyrka eit moderne jazzuttrykk innanfor ramma av kvartettformatet. Verdsmusikken har han jobba med i eit noko større format. Det tredje sporet er nærast for ein restkategori å rekna. Her finn ein samarbeidet med Terje Isungset i Isglem og Utla, der også Håkon Høgemo er med. Seglem har stor interesse for lyrikk og har spelt inn eigne dikt med musikalsk følgje, samarbeidd med Jon Fosse og Berit Opheim. Med sistnemnde har han spelt inn «Draumkvedet».

Med Ei aning grønt miksar han dei ulike retningane. Det er ikkje snakk om ei «best of»-plate. Rett nok vender han attende til gamle trakter med «Rit again», men elles er det ny musikk over heile linja, og tenorsaksofonen er med på åtte av dei ni låtane. På avslutningskuttet «Jordtjuv» er det stemma og elektronikken som gjeld.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement