Musikk
Fleirtydig spelmusikk
Japanese Breakfasts ambivalente ambient-pop passar godt til overgangsriter i ørkenen.
Dataspelet Sable fortel ei soge om overgangsritar. Tematikken speglar seg både i den visuelle stilen, som ser handteikna ut og er inspirert av den franske serieteiknaren Moebius, og i musikken, som er laga av indiebandet Japanese Breakfast med amerikansk-koreanske Michelle Zauner i spissen.
Sable, som tyder sand på fransk, går føre seg i ein ørken. Japanese Breakfast blandar akkurat nok midtaustleg inspirasjon inn i ambientpopen sin til å understreke symbolikken i sanddynene utan å mane fram stereotypiske orientalistiske klisjear. Ofte høyrest synth-spor etter new age-musikarar som Rüdiger Lorenz, Pauline Anna Strom og spelmusikkomponistpioneren Stéphane Picq, som stod bak Spice Opera, den framifrå musikken til spelversjonen frå 1992 av ørkeneposet Dune.
Smakfull perkusjon viskar ut skiljet mellom akustisk og syntetisk på eit vis som kan minne om den elektroniske artisten Muslimgauze; djup gitarklimpring gir ein mild eim av cowboy-kos rundt leirbålet; på det fyldige, flytande ambient-pop-sporet «Glide» flyttar Zauners stemme seg saumlaust fram og tilbake over grensa mellom det organiske og teknologiske.
Norske Morten Kvale står bak lyddesignet i Sable så vel som det norske spelet Mosaic. Sistnemnde har musikk av mellom andre Håkon Kornstad, og det at stadig fleire kjende band og artistar lagar musikk til spel, hintar om at det er på høg tid å gi slepp på ideen om at spel er eit barnsleg medium for flåsete lågkultur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.