Musikk

Fleirfaldig rap

Latto er ein rappar som kan kunsten å seie fleire ord i ein og same augneblunk.

Publisert Sist oppdatert

I fjor endra rapparen Latto artistnamn frå Mulatto. Ho ser på seg sjølv som både svart og kvit, men omgrepet har rasistiske overtonar. Det nye namnet er rikt på assosiasjonar, i likskap med tittelen på det andre soloalbumet hennar: 777 gir til dømes jackpot på tradisjonelle speleautomatar, og derifrå er det fort gjort at tankane sklir via «lotto» og i retning av hell, ulukke, skjebne, sosiale forskjellar – og så bortetter.

Tidligare har Latto samarbeidd med kjende artistar som Cardi B og Gucci Maine, og på 777 rappar ho duett med både Lil Wayne og Childish Gambino – sistnemnde er òg skodespelar, kjend frå Star Wars-filmen Solo og TV-serien Atlanta, byen Latto kjem frå. Låta «Big Energy» byggjer på samplingar frå songen «Genius of Love» av Tom Tom Club, det framifrå new wave-bandet til Talking Heads-medlemene Tina Weymouth og Chris Frantz. Dette er ein flittig sampla song, kan hende mest kjend frå Mariah Careys hitsingel «Fantasy» frå 1995. Og nettopp Mariah Carey er med på DJ Khaleds offisielle remix, ein slags mash-up av «Big Energy» og «Fantasy».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement