JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Flammande furier

Gluck skaper eit sant helvete.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Steinstatuen av Kommandanten ekspederer don Juan til helvete. Utsnitt frå ein akvarell av A.É. Fragonard frå 1825.

3120
20221014
3120
20221014

CD

Christoph Willibald Gluck:

Don Juan. Sémiramis

Le Concert des Nations; dir.: Jordi Savall. Alia Vox 2022

Alia Vox, plateselskapet til den katalanske gambespelaren og dirigenten Jordi Savall, merkjer seg ut med påkosta CD-utgjevingar. Det nyaste albumet har eit 150 sider langt omslagshefte, tjukt som ei lita bok, som inneheld grundige skildringar av komponisten og komposisjonane i tillegg til bilete og faksimilar av dei originale notane.

Mange klassisklyttarar nyttar i dag strøymetenester og får slik aldri tilgang på noko omslagshefte, sjølv om dette kan vera avgjerande for å skjøna musikken. Dei to verka som her er innspelte, pantomimeballettane Don Juan og Sémiramis, kan ein sjølvsagt nyta reint musikalsk, men for å fatta handlinga scene for scene, lyt ein ha omslagsheftet i hende. (Pantomime er vel elles den sjangeren som gjer seg dårlegast på CD.)

Reformator

Den keisarlege hoffkomponisten Gluck, som blei fødd i Tyskland i 1714, var den store operareformatoren i sitt sekel. Han ville bort frå den stivna barokkoperaen og kravde at musikken skulle fylgja librettoen nøye, og librettoen skulle ha enkel og skjøneleg handling etter klassiske ideal.

Savalls orkester, Le Concert des Nations, er med sin framfuse framføringsmåte og fleksible, skifterike klang eit ideelt medium for Glucks komposisjonar. Særleg vellukka er tolkinga av Don Juan frå 1761.

Karakteren don Juan, som har røter i spanske folkesegner, opptrer for fyrste gong som litterær figur i eit spansk drama frå 1630. Han er ein omsynslaus forførar som skruppellaust nyttar den erotiske tiltrekkingskrafta si på kvinner for å tilfredsstilla eigne lyster, noko han til sist må stå til rette for. Sujettet har vore viktig i europeisk drama, litteratur og musikk – særleg i operaen, som sameiner desse tre kunstformene. Mozarts Don Giovanni, frå Glucks dødsår 1787, er den mest kjende.

Frisk fandango

Med sin Don Juan kasta Gluck for fyrste gong vrak på den representative, staselege hoffballetten til fordel for eit fortetta drama med musikk og pantomime. Orda er erstatta av musikken, som vekslar effektfullt mellom ulike stilnivå og kjensleuttrykk. Nummer 19, ein frivol festscene frå don Juans hus, er folkeleg. Til gitar og kastanjettar blir det dansa «fandango», ei danseform forfattaren Casanova, som jo hadde greie på slikt, kalla «den mest forførariske og vellystige av alle verdas dansar».

Men det er den dystre finalen som fengjer mest. I nummer 30, ein mørk «Larghetto» som opnar med paukesolo, møter don Juan gjenferdet av Kommandanten, som han har drepe i duell. Kommandanten opptrer i form av ein steinstatue og freistar å overtala han til anger, men don Juan har berre hån til overs for daudingen. I finalenummeret (30) opnar portane til underverda seg, og ein flokk furier triv den trulause med seg ned i flammehavet. Med eksplosive trommekvervlar, bivrande strykarakkordar og pinefulle støytar frå trompetar og basunar teiknar Gluck ei helvetesscene eg kjem til å hugsa.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis