Musikk

Fire store

Chamber Orchestra of Europe hyllar Harnoncourt med kvadrupelalbum.

Den austerrikske dirigenten Nikolaus Harnoncourt (1929–2016).
Den austerrikske dirigenten Nikolaus Harnoncourt (1929–2016).
Publisert

Nikolaus Harnoncourt var ein av dei viktigaste dirigentane på 1900-talet. Som forfektar av ein slags musikalsk historisme fornya han på to måtar den klassiske kunstmusikken: I 1953 grunnla han orkesteret Concentus Musicus Wien og blei slik ein av dei fyrste som gjekk inn for å framføra barokkmusikken med instrument og tolkingsmåtar frå perioden. I 1970-åra byrja han så å dirigera moderne symfoniorkester. Den historiske tilnærminga til repertoaret frå wienerklassisismen og romantikken fornya mainstream-orkestera.

Chamber Orchestra of Europe er eit moderne orkester Harnoncourt dirigerte i over 30 år. Til orkesterets 40-årsjubileum i fjor kom eit kvadrupelalbum der dei fire store – Haydn, Mozart, Beethoven og Brahms – har fått kvar sin CD. Ein høyrer at dette er konsertopptak. Harnoncourt pressa musikarane til det ytste og tolererte enkelte småtabbar så lenge det var i den gode tolkingas teneste. Som han sa: «Stor musisering balanserer alltid på randa av katastrofe.»

Retorisk

«Musikalsk historisme» – kva tyder eigentleg det? Harnoncourt var ein utprega verktru musikar. Credoet hans var at stykka skulle tolkast ut frå intensjonane til komponisten. Omsynet til den historiske samanhengen avla ei ny tilnærming til den musikalske substansen. Han såg på den førromantiske musikken som ein retorisk disiplin. Det gjaldt å få musikken til å tala, og då var det ein føresetnad å læra seg å leva seg inn i det musikalske språket frå perioden musikken blei til i.

Chamber Orchestra of Europe spelar altså på moderne instrument (med unntak av paukane og trompetane). Strykarklangen er ikkje like lett og klår som hjå originalinstrumentensemblet, og treblåsarane læt stundom litt ufleksibelt og nasalt, særleg når dei spelar i piano. Klangen er ikkje den største føremonen ved denne utgjevinga.

Heilhuga Haydn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement