Musikk

Fire frostige timar

Den 22. desember 1808 blei ein av dei viktigaste konsertane i musikkhistoria halden i Wien.

Ludwig van Beethoven (1770–1827) måla av Joseph Karl Stieler kring 1820.
Ludwig van Beethoven (1770–1827) måla av Joseph Karl Stieler kring 1820.
Publisert

Standard­innspelinga

Beethoven likte å skipa til velgjerdskonsertar, særleg når dei var til inntekt for han sjølv. Den mest kjende gjekk av stabelen 22. desember 1808 i Theater an der Wien. Her samla eliten i byen seg – billetten kosta 2 gylden, som var meir enn det vanlege arbeidsfolk tente på éi veke.

Er det éin konsert i musikkhistoria eg gjerne ville reist attende i tid og opplevd, må det vera denne. Halv sju den pitte litle julaftan byrja nemleg den offentlege urpremieren på fleire Beethoven-verk som sidan er blitt del av orkestermusikkens standardrepertoar: «Lagnadssymfonien», «Pastoralsymfonien», «Kor­fantasien», delar av messa i C-dur og den fjerde klaverkonserten (dette skulle bli siste gong den stadig dauvare Beethoven opptredde som pianist i ein konsert). Seansen er blitt så legendarisk at han i vår tid er attskapt av fleire store symfoniorkester, og engelsk Wikipedia har jamvel ein lang artikkel om emnet. Men i 1808 var mottakinga mildt sagt blanda.

Vått blekk

Ein ting var at Beethoven la konserten slik at han konkurrerte med ein annan velgjerdskonsert. Denne var til inntekt for «trengande enker» og arrangert av Antonio Salieri, den keisarlege kapellmeisteren som blir framstilt som Mozarts mordar i storfilmen Amadeus frå 1984.

Viktigare for mottakinga var kvaliteten på framføringa. Samtidige musikarar, kritikarar og publikummarar skildra han som langt under pari; Beethoven hadde (som alltid) vore så sein med å levera frå seg komposisjonane at orkesteret fekk minimal tid til innstuderinga. I tillegg hadde Beethoven på førehand fornærma sopranen som skulle sunge solo, så grovt, at ho nekta å opptre. Den pur unge og urøynde erstatninga han fekk inn i siste liten, fekk akutt lampefeber på scena.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement