Musikk
Figaros ånd
I 1786 trong Mozart ikkje lenger å smiska med publikum.
Leif Ove Andsnes spelar musikk Mozart komponerte i 1786.
Foto: Helge Hansen
Som oppfylgjar til albumserien Beethoven Journey gjev Leif Ove Andsnes og det Berlin-baserte Mahler Chamber Orchestra no ut ei rekkje Mozart-plater med tittelen Mozart Momentum. Her tek dei føre seg dei mest produktive åra hans, og med det nyaste dobbeltalbumet har dei nådd 1786. Kva hende i livet til komponisten det året?
Produktiv
Les ein biografiar om Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791), kan ein ikkje unngå å bli imponert over kor fenomenalt produktiv han var. Her ein dag bladde eg i sesongprogrammet til eit kjent orkester. Eit av stykka, eit relativt nykomponert – og ganske middelmåtig – strykeorkesterverk som varar i sju minutt, hadde det teke komponisten fire år å skriva. Ser me på det Mozart fekk til i 1786, veke for veke, månad for månad, skjønar me kva eit geni er.
«Ja, men på 1700-talet var det å komponera eit handverk», vil nok nokon innvenda. Det stemmer. Men lyttar me gjennom Andsnes’ album – med to klaverkonsertar, éin klaverkvartett, éin klavertrio, éin konsertarie og éin rondo for soloklaver – blir me slåtte av at han med mest kvart stykke greidde å skapa noko nytt.
Evna til nyskaping gjeld særleg klaverkonsertane. Etter omskiftelege år slo Mozart seg i 1781 ned i Wien, der han skulle freista livet som fri kunstnar dei siste ti leveåra. I 1786 hadde han avansert til å bli Wiens uomstridde stjernepianist. Kunstnarleg trong han ikkje lenger å smiska med publikum, å gje lyttarane det dei forventa. Dei slukte alt han serverte, noko me merkar i dei to klaverkonsertane, som har ein særmerkt svip av fridom – og elles blei ferdige med utrulege tre vekers mellomrom.
Idealtempoet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.