JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Festspillene ville ta utfordringa med å skapa ein verkeleg minneverdig Peer Gynt, men gjekk utanom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Seglfly i skum: Herbert Nordrum som Peer Gynt, saman med Ragnhild Hemsing på hardingfele.

Foto: Thor Brødreskift

7949
20240531
7949
20240531

Opningsframsyning

Henrik Ibsen, Edvard Grieg:

Peer Gynt

Herbert Nordrum (Peer); Ågot Sendstad (Mor Åse); Bergen Filharmoniske Orkester; Edvard Grieg Vokalensemble m.fl.; Ragnhild Hemsing, hardingfele; dir.: Thomas Søndergaard; Johannes Holmen Dahl, regi; Nia Damerell, scenografi.
Grieghallen, onsdag 22. mai

Under urpremieren på Christiania Theater 14. januar 1876 opplevde hovudstadspublikummet fusjonen som utløyste ein eineståande kunstnarleg energi: Noregs fremste ordkunstnar hadde slått seg saman med Noregs største tonekunstnar for å omskapa det «dramatiske diktet» Peer Gynt til eit «musikalsk drama». Initiativet kom frå forfattaren, og brevvekslinga med komponisten syner kor intensiv og detaljert den to år lange førebuinga var.

Edvard Grieg (1843–1907) kvidde seg for å setja tonar til «dette mest umusikalske av alle sujetter», som han skreiv til Bjørnson. Likevel lét han seg smigra av Henrik Ibsens (1828–1906) ynske om at musikken skulle vera ein viktig og integrert del av den dramatiske samanhengen. Det var altså ikkje tale om eit skodespel med litt musikk til. Det heile var meir eit Gesamtkunstwerk der poesi, dramatikk, musikk, dans, kostyme og scenedekorasjonar skulle sameinast i noko høgare og heilare.

Opningsframsyninga til Festspillene i Bergen var kunngjord som ein «Peer Gynt i full skala», ein produksjon som skulle gje «plass til både teksten og musikken i det norske ikonet Peer Gynt». Slik blei det ikkje. Det var teateret som trumfa over musikken i Grieghallen førre onsdag.

«Hadde det ikkje vore betre å dvela ved dramatiske enkeltscener som Grieg har sett musikk til?»

Fullblods lovnad

Det er i si reint instrumentale form Griegs skodespelmusikk er mest kjend, for seinare omarbeidde han nemleg åtte av dei 26 musikknummera til to Peer Gynt-suitar, orkestermusikk som framleis er spelt over heile verda. Peer Gynt blir òg ofte framført som reint skodespel. Men, for å sitera festspeldirektør Lars Petter Hagen: «Stykket spilles sjelden slik de to planla, med tekst og musikk fremført live fra samme scene. Det gjør vi noe med nå, sammen med Griegs eget orkester og Ibsens teater».

Ibsens teater er National­theatret, som Festspillene samarbeider med. Teatersjef Kristian Seltun var òg eksplisitt då han lova ein «fullblods produksjon med de beste aktørene Norge har å by på innen musikk og samtidsteater». Slikt skaper store forventningar.

Medarbeidarsamtale

Men alt i opninga ante eg uro. Det byrja ikkje med Griegs spenstige orkesterforspel, ein ouverture med musikalske frampeik der friske hallingrytmar ber bod om den brautande storskrytaren Peer. Nei, her var det rett på Mor Åses «Peer, du lyver!», på ei svær, tom og beksvart scene.

Ingen hadde venta seg ein nasjonalromantisk scenografi à la 1876 – det ville blitt parodi. Og den aude scena var for så vidt verknadsfull, med fokus åleine på Ibsens kompakte tekst og det nedtona spelet til Herbert Nordrum som Peer og Ågot Sendstad som Åse.

Men det dramatiske blei svekt av for rask resitasjon og uklår diksjon, noko som gjorde teksten vanskeleg å skjøna. Det var dessutan noko underleg med denne opningsscena, for kvifor var ikkje Mor Åse meir forarga over sonens lygn og fanteri? Det heile minte meir om konstruktiv medarbeidarsamtale enn om oppgjer og refs. Generelt kjendest heile fyrste del, fram til Åses død, som ein hektisk transportetappe.

Strokne budeier

Og i orkestergrava sat Bergen Filharmoniske Orkester parkert. Fram til pausen var der syrgjeleg få ordentlege musikkinnslag. Det var kutta kraftig i teksten, noko Ibsen òg gjorde då han laga skodespel av diktet sitt. Men med den gode to og ein halv timen som denne kvelden stod til rådvelde, burde det vore kutta meir. Hadde det ikkje vore betre å dvela ved dramatiske enkeltscener som Grieg har sett musikk til?

Eg tenkjer særleg på fjellscenen, akt 2, scene 3, der Peer tek seg av tre kåte stølsjenter. Dette er Grieg på sitt mest folkelege og operaaktige, med gneistrande instrumentering og enkle, men verknadsfulle effektar. Grieg rekna elles scenen for «å være det beste av hele min Peer Gynt-musikk». Men i Grieghallen var denne altså ikkje med. Og han kunne ikkje vera med heller, for han krev tre syngjande budeier, og til oppsetjinga var det berre engasjert éin songsolist. Dette var sopranen Frøy Hovland Holtbakk, som framførte Solveigs parti pent, men uengasjert. Regien til Johannes Holmen Dahl gav henne ikkje rom for samspel på scena, karakteren blei redusert til eit musikalsk tablå.

Trollkor

Det beste før pause var episoden der Peer for fyrste gong gjev seg trolla i vald, «I Dovregubbens hall». Også her er komposisjonen enkel, men verknadsfull. Det er jo i grunnen berre eit fire taktar langt musikalsk motiv som kjem om og om igjen, i eitt langt dynamisk og tempomessig crescendo – fram til klimakset, der trollkoret brått kjem inn på scena.

Heile fire bergenske kor medverka, og det gjorde dei godt. Men Bergen Filharmoniske Orkesters danske dirigent Thomas Søndergaard klarte ikkje å disponera den dramatiske utviklinga i nummeret rett. Eg trur problemet låg i starten, at orkesteret byrja litt for snøgt og sterkt, noko som gjorde at kontrastspennet blei for trongt. Bergen Filharmoniske Orkester plar spela meir livfullt enn dei gjorde denne kvelden.

Foto: Thor Brodreskift

Skum og seglfly

Etter pausen tok framsyninga seg opp, både dramatisk og musikalsk. Her var der meir musikk, og han blei noko betre integrert i det sceniske. Scenografien nytta seg av to hovudverkemiddel: skum før pausen, og seglfly etterpå. Begge delar var overraskande og effektfullt i byrjinga, men effekten blei fort svekt. Etter at det var falle ned frå scenetaket, blei jo det enorme skumberget berre liggjande der resten av tida. Flyet som blei firt ned frå taket, var elles ekte, noko som jo er ganske spektakulært. Det var med dette og ikkje med skip (som hjå Ibsen) at Peer tok seg til Marokko. Fylgjeleg blei skipbrotscena til flyhavari.

Kveldens høgdepunkt var scena der den dansande beduinkvinna Anitra forfører profeten Peer med seksuelt eksplisitte danserørsler ved cockpit. «Anitras dans», som er eit reint orkesterstykke, blei framført simultant med dansen og replikkvekslinga. Dette gjorde inntrykk, for skodespel, tekst, musikk, skum og fly gjekk saman til noko større enn einskildelementa.

Svak musikkregi

Men slike augneblinkar var der for få av. Eg talde ikkje, men truleg var mindre enn halvparten av musikknummera med, og det meste var dårleg integrert i den dramatiske samanhengen. Me fekk difor ikkje oppleva Griegs mange musikalsk-ironiske kommentarar til helten i stykket; subtilt humoristiske komposisjonar som er utypiske for komponisten og berre kan skjønast skikkeleg i samanheng med det sceniske.

Den gode fiolinisten og hardingfelespelaren Ragnhild Hemsing bidrog rett nok med ein del felespel vandrande kringom på scena. Men effekten av, og meininga med, denne stemningsfulle, delvis improviserte musikken svann fort bort. Den musikalske substansen blei for skrinn i lengda – og dette medan Griegs partitur og eit heilt symfoniorkester står til rådvelde! Resultatet var langt frå nokon fullblods produksjon som synte «Peer Gynt i full skala».

Fiolinist og hardingfelespelar Ragnhild Hemsing.

Samfunnsansvaret

Den typen framsyning som var annonsert, er for dyr og krevjande for andre norske festivalar og teaterhus. Difor har me jo dei ressurssterke Festspillene i Bergen, som ifylgje statuttane skal vera «den fremste norske manifestasjon i sitt slag, med internasjonal gjennomslagskraft», og gje oss produksjonar som gjev «et bilde av de beste norske og internasjonale kunstfrembringelser, vesentlig innenfor musikk, men også ballett, opera, teater, folklore og andre kunstarter».

Med opningsframsyninga hadde Festspillene høve til å skapa noko eineståande og minneverdig. Den sjansen sløste dei bort.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis