JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Festivalrevolusjonen

Etter pandemien står Sildajazz fram som ein av dei mest interessante jazzfestivalane her på berget.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utekonsert med Odd Nordstoga torsdag 12. august.

Foto: Grethe Nygaard

2479
20220819
2479
20220819

KOMMENTAR

For dei som ber med seg det karikerte biletet av Sildajazz som ein stor folkefest i tradjazzens teikn, må forvandlinga opplevast som eit mirakel. Faktum er at festivalen tok store kunstnarlege og tilskipingstekniske steg både under Gunnar Jæger og under Bjarne Dankel, men gamle mytar er seigliva.

Andreas Risanger Meland tok over som festivalleiar i september 2019. Vanskelegare start kunne han knapt ha fått. Smittevernreglane gjorde at det kunne skipast til ei amputert utgåve av festivalen i 2021, men allereie då kunne ein merka ei endring av profilen. Det overraska for så vidt ikkje. Utgjevingane på platemerket Hubro, som Meland leidde, talte for seg. Han har musikalsk teft og gode kontaktar. Jazz-Noreg var klar for Meland som festivalleiar, men kva med Haugesund og haugalendingane?

Den sosialdemokratiske idealfestivalen skal ha ein høveleg miks av børs og katedral. Festivalen skal vera for alle, og då må folkefesten inkluderast. Maijazz og Nattjazz har late folkefest vera folkefest og konsentrert seg om å laga ein best mogeleg festival. På Voss i palmehelga set vêret klare grenser for folkefest utandørs. Molde og Kongsberg strevar med å balansera dei to omsyna.

Festivalen som tona ut sist sundag, viste at Meland og styret i festivalen har funne eit konsept som gjer alle nøgde. Dei som primært er opptekne av båtlivet og det sosiale, fekk behova sine dekte langs kaien ved Smeasundet. Her var det buer og gratiskonsertar, og i godvêret var det trongt om plassen.

For dei av oss som er på festival primært for å høyra musikk, har festivalen funne spanande lokale som Bystyresalen, Bedehusets Bar & Bazaar, Kulturkirken Skåre, Haugesund billedgalleri og Bibliotekparken, i tillegg til tradisjonsrike Høvleriet. Ikkje berre har Meland og programnemnda booka eit spanande program, men dei har kopla musikken med alle dei særprega arenaene på ein gjennomtenkt måte.

Festiviteten og To glass blir på eit vis møtestadene mellom dei to gruppene festivalpublikum. Haugalendingane er gjestfrie folk, og det er lett å bli glad i byen. Det er duka for ein renessanse for Sildajazz – viss Norsk kulturråd kjenner vitjingstida si.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilansjournalist og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Festivalen som tona ut sist sundag, viste at Andreas Risanger Meland og styret har funne eit konsept som gjer alle nøgde.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis