Musikk
Fele, funk og fuglekvitter
Fiolinist, vokalist og låtskrivar Sudan Archives overgår seg sjølv på album nummer to.
Musikken til amerikanske Sudan Archives er inspirert av R&B, sudansk felemusikk, vestafrikanske rytmar og eksperimentell elektronisk musikk. Debutalbumet hennar, Athena, frå 2019 var framifrå; Natural Brown Prom Queen er endå betre.
Her er felespel og tradisjonsmusikkreferansar fullstendig integrerte i den eksperimentelle, flytande og funky neosoulproduksjonen. Høyr berre korleis alskens fiolinteknikkar styrer den forunderlege houselåten «ChevyS10» gjennom dynamiske stryk og fall, ein tydeleg tradisjonsmusikkinspirert felevamp står sentralt i «TDLY (Homegrown Land)», og midtveges i songen vert skiljet mellom fiolin og shoegaze-gitar nulla ut i ein storslegen foss av lyd.
I «Copycat (Broken Notions)» blandar ho hyperpop og trap med eksperimentelle harmoniar og uventa tonale vendingar. Basslina følgjer flittig med på tonefallet til det som høyrest ut som ein predikant, litt som (men mindre enerverande enn) Steve Vais «So Happy», på «It’s Already Done». Det eine sklir over i det andre, og det er ofte ikkje godt å seie om det er lyden av fele, synthesizer eller fuglekvitter ein høyrer der inne i djupet av produksjonen. Og kva betyr vel det, heile albumet læt fredsælt og gjennomført originalt uansett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.