Farleg feststemning
Slayyyters andre album går under huda på det overflatiske.
Pop / elektronisk
Slayyyter:
Starfucker
Fader Label
På videoen «69 Questions with Slayyyter», som ligg ute på LHBT-datingappen Grindrs YouTube-kanal, blir den amerikanske artisten spurd kva for farsott ho gjerne skulle sett kome tilbake. Svaret er: søplete sladderblad. Hennar album nummer to, Starfucker, har verkeleg eit tabloid preg og tar lyttaren med på eit djupdykk i det overflatiske. Resultatet er eit stykke dansepop prega av eleganse, ekstravaganse, dekadanse og risikabel eskapisme.
Det musikalske gildet startar med «I Love Hollywood!», ein mørk og tungt pulserande elektropopsong. På «My Body», «Erotic Electronic» og «Out of Time» er Britney Spears-inspirasjonen tydeleg i Slayyyters stemmebruk og presist slurvete artikulasjon. Den svulmande songen «Rhinestone Heart» tar tak i arven etter Abba og Lady Gagas musikalske dramatikk. Produksjonen på plata er mørk og moderne – atmosfæren grenseoverskridande, frigjord, seksualisert og metta med kolossale mengder kropp, dop og hedonisme – med nostalgisk og melankolsk tilsnitt.
«Trur du på tidlegare liv?» lyder eit av dei neste 69 spørsmåla i Grinders intervju. Ho må ha vore ein spekkhoggar, svarar Slayyyter som for å understreke at uttrykket hennar er spekka med kontrasterande kjensler og dirrande ambivalens. Ei påtakeleg – eller kan hende uhandgripeleg – kjensle av overhengande katastrofe langs knivseggen mellom eufori og dysfori blir understreka i musikkvideoen til «I Love Hollywood!» – ein kjærleik som må vere i konstant fluks. Det er vel klart som natta.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Pop / elektronisk
Slayyyter:
Starfucker
Fader Label
På videoen «69 Questions with Slayyyter», som ligg ute på LHBT-datingappen Grindrs YouTube-kanal, blir den amerikanske artisten spurd kva for farsott ho gjerne skulle sett kome tilbake. Svaret er: søplete sladderblad. Hennar album nummer to, Starfucker, har verkeleg eit tabloid preg og tar lyttaren med på eit djupdykk i det overflatiske. Resultatet er eit stykke dansepop prega av eleganse, ekstravaganse, dekadanse og risikabel eskapisme.
Det musikalske gildet startar med «I Love Hollywood!», ein mørk og tungt pulserande elektropopsong. På «My Body», «Erotic Electronic» og «Out of Time» er Britney Spears-inspirasjonen tydeleg i Slayyyters stemmebruk og presist slurvete artikulasjon. Den svulmande songen «Rhinestone Heart» tar tak i arven etter Abba og Lady Gagas musikalske dramatikk. Produksjonen på plata er mørk og moderne – atmosfæren grenseoverskridande, frigjord, seksualisert og metta med kolossale mengder kropp, dop og hedonisme – med nostalgisk og melankolsk tilsnitt.
«Trur du på tidlegare liv?» lyder eit av dei neste 69 spørsmåla i Grinders intervju. Ho må ha vore ein spekkhoggar, svarar Slayyyter som for å understreke at uttrykket hennar er spekka med kontrasterande kjensler og dirrande ambivalens. Ei påtakeleg – eller kan hende uhandgripeleg – kjensle av overhengande katastrofe langs knivseggen mellom eufori og dysfori blir understreka i musikkvideoen til «I Love Hollywood!» – ein kjærleik som må vere i konstant fluks. Det er vel klart som natta.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.