JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Fargerik Pan

Eivind Aadland dirigerer Monrad Johansens verk stringent og presist.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Komponisten David Monrad Johansen (1888–1974).

Foto: AP / NTB

2919
20230901
2919
20230901

Standard­innspelinga

David Monrad Johansen:

Piano Concerto op. 29

Oliver Triendl, klaver; Kristiansand Symfoniorkester; dir.: Eivind Aadland. CPO 2020

Då dette albumet kom for tre år sidan, gjekk det meg hus forbi. Men betre seint enn aldri – sidan Kristiansand Symfoniorkester her gjev oss sjeldan framført repertoar av ein av Noregs viktigaste 1900-talskomponistar, og framføringa er fin, fortener plata predikatet standardinnspeling. Den allsidige Eivind Aadland fører taktstokken, og solist i tittelverket er den røynde tyske pianisten Oliver Triendl, som spesialiserer seg på «gløymd» musikk og har over hundre plateinnspelingar bak seg.

Nasjonal retning

Å kalla David Monrad Johansens musikk for «gløymd» er å overdriva. Men han spelte ei langt større rolle i samtida enn i dag. Då han i 1925 (som den yngste til dess) blei tildelt statens komponistgasje, var det venta at han skulle ta opp arven etter Edvard Grieg. I mellomkrigstida utvikla han seg då òg til hovudfiguren i den nasjonale retninga i norsk musikkliv, både gjennom komponering og skriving. Han forfatta, mellom anna, den fyrste store Grieg-biografien.

NS-medlemskapen hans, og arbeidet som kulturbyråkrat under krigen, førte til eit førebels fall – han blei dømd til fleire års tvangsarbeid i rettsoppgjeret – som han greidde å reisa seg frå. Livet hans var i det heile prega av stadig søking og utvikling, både personleg og kunstnarleg. At han som 44-årig etablert komponist drog til Leipzig for å utdanna seg i kontrapunkt, vitnar om dette. Verka hans varierer veldig i stil og skapnad, noko me høyrer på plata, som byr på stykke komponerte mellom 1939 og 1963.

Nordlandssommaren

Det eldste er det vakraste: Pan, op. 22, eit symfonisk verk komponert til Knut Hamsuns 80-årsdag i 1939. Som mosjøværing kjende Monrad Johansen godt til den «nordlandssommerens evige dag» løytnant Glahn sverma for, og det er den naturlyriske stemninga snarare enn handlinga i romanen komponisten penslar ut i tonar. Verkets styrke er den fargerikt impresjonistiske orkestreringa (vedunderleg bruk av horn i opninga, med ekko i solofiolinen og treblåsarane) og den stringente forma (Aadlands stramme tempo fram mot høgdepunktet).

Frukter av «etterutdanninga» i Leipzig høyrer me i det mest akademiske verket, Symfoniske variasjoner og fuge, op. 23, som Monrad Johansen fullførte som arrestant i 1946. Det musikalske temaet er ein melodi han i 20-åra hadde komponert til tekst av barokkdiktaren Dorothe Engelbretsdotter. Musikken har tradisjonell tonalitet, til forskjell frå Klaverkonsert i Ess-dur, op. 29 (1955), som har friare, meir dissonant harmonikk. Også her dirigerer Aadland klårt og presist, medan Triendl gjerne kunne ha forma klaverstemma med større rytmisk plastisitet.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis