Far og son
Konserten i Thomaskyrkja var historisk – i dobbel forstand.
Franske Christophe Rousset dirigerer Les Talens Lyriques i Thomaskyrkja i Leipzig.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Konsert
J.S. Bach, C.P.E. Bach, G.F. Händel:
Bach-Familienkonzert Hamburg 1786
Les Talens Lyriques; Vocalconsort Berlin; dir.: Christophe Rousset
Thomaskirche Leipzig, laurdag 11. juni
Dei fleste ensembla under Bachfest spelar på såkalla originalinstrument, altså instrumenttypar som blei nytta i den tida musikken blei til. Slik rekonstruerer ein klangen av ei svunnen tid. Konserten i Thomaskyrkja med franske Christophe Rousset, som dirigerte orkesteret Les Talens Lyriques og koret Vocalconsort Berlin, tok dette historiske eitt skritt vidare.
Konsertprogrammet var nemleg identisk med det som var å høyra i Hamburg 9. april 1786, under ein velgjerdskonsert som skulle sikra fattigfolk gratis legehjelp. Bachfest-publikummet fekk jamvel utlevert ein faksimile av det originale programheftet.
H-mollmesse
Velgjerdskonserten i 1786 blei arrangert av J.S. Bachs nest eldste son, Carl Philipp Emmanuel Bach (1714–1788). Hendinga var historisk av di ho verkar så moderne: For det fyrste blei kyrkjemusikken den gongen framført i ein konsertsal (som jo er vanleg i dag), og for det andre var musikken gamal (vår tids konsertrepertoar består jo òg for det aller meste av musikk frå eldre epokar).
Mange av konsertane under årets Bachfest sette seg føre å syna J.S. Bachs musikalske røter. Her dreia det seg derimot om J.S. Bachs etterverknad i musikkhistoria. Programmet opna med Credo-delen (truvedkjenninga) frå J.S. Bachs Messe i h-moll, BWV 232, som Rousset dirigerte i høgt tempo. Særleg i fyrstesatsen gjekk det for fort i høve til kva den store akustikken i Thomaskyrkja toler – tempoet, dynamikken og artikulasjonen var ikkje godt nok avpassa etter romtilhøva, difor lét det litt grautete. Trompetane verka stressa, for det tok si tid før intonasjonen var på plass (i byrjinga klang det småsurt).
Halleluja
Georg Friedrich Händels (1685–1759) «Halleluja» frå oratoriet Messias var alt i 1786 ein publikumsfavoritt, noko me ser av at C.P.E. Bach sette denne einskildsatsen på programmet for velgjerdskonserten. Framføringa til Rousset var storfelt, med dynamiske kontrastar og staseleg punkterte rytmar der korklangen når klimaks.
C.P.E. Bach budde i Hamburg, der han hadde ei liknande stilling som den far hans hadde hatt i Leipzig: Han var ansvarleg for kyrkjemusikken i hovudkyrkjene og direktør for byens offentlege musikkliv. Under konserten fekk me høyra hans mest eksentriske Symfoni i D-dur, Wq 183/1, der det musikalske temaet i fyrstesatsen kling meir som eit morsesignal enn som ein melodi.
Det siste store verket på programmet var også høgdepunktet: Hans strålande, men diverre sjeldan framførte Magnificat, Wq 215, som er ei tonesetjing av Marias lovsong frå Lukasevangeliet. C.P.E. Bach syner her evna si til å kombinera gamalt og nytt: Den moderne, virtuose og operapåverka stilen i samtida hans går saman med den tradisjonelle, kontrapunktiske komposisjonsmåten han hadde lært av far sin.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø