Musikk
Får fram det beste hjå kvarandre
Samarbeidet mellom far og dotter går frå pop til jazz.
Far og dotter Eberson er ute med ny plate som skil seg klart frå samarbeidsdebuten Empathy som kom i 2018. Between Two Worlds er ein illustrerande tittel. Musikken her har likeverdige bidrag frå båe generasjonar. På debuten var det åtte songar der arrangementa sjølvsagt relaterte til tekstane. Marte var vokalist, og musikken reflekterte først og fremst hennar musikalske univers. Det nye albumet er ei instrumentalplate der improvisasjonen har ein langt meir sentral plass.
På Between Two Worlds blir temaa formidla av gitar og/eller tangentinstrument i eit stadig skiftande lydlandskap, og dei improviserte partia glir ofte elegant over i arrangerte parti og attende. Jons karakteristiske gitartone får skina titt og ofte, og Marte byr på ei sareptakrukke av elektronisk vellyd. Det fungerer strålande plata igjennom, men på «The Butterfly’s Dream» greier dei ikkje å skapa den naudsynte spenninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.