Musikk
Familieskattar
Reinhard Goebel lyfter fram ukjend musikk frå Bach-slekta.
Albumet inneheld ein musikalsk slagscene (battaglia) av bestefar til J.S. Bachs andre kone. Her slaget ved Beograd i 1717, måla av J.G. Auerbach (1697–1753).
Til 250-årsmarkeringa for Johann Sebastian Bach (1685–1750) i 2000 gav den tyske fiolinisten og dirigenten Reinhard Goebel ut Bachiana. Music by the Bach Family. Her tok han føre seg instrumentalmusikk av eldre komponistar i Bach-slekta og avslutta det heile med ein rekonstruksjon av J.S. Bachs forspel til «Påskeoratoriet», BWV 249, der den tredje og siste satsen er ei vellukka omarbeiding av ein korsats til rein orkestermusikk.
Klangtale
Goebels orkester, Musica Antiqua Köln, som eksisterte frå 1973 til 2006, har på fleire vis prega måten barokkmusikken i vår tid blir spelt på. Ein ting er dei høge tempoa Goebel ofte insisterte på, som tilførte tidlegmusikken ein ny type virtuositet. Noko anna og viktigare er at ensemblet var ein skule for mange no framståande musikarar og dirigentar som i sine yngre år blei drilla – og då meiner eg verkeleg drilla – i Goebels strenge orkesterdisiplin.
Goebel har i dag lagt fiolinen på hylla og er professor i historisk framføringspraksis ved musikkhøgskulen Mozarteum i Salzburg. Meir enn nokon annan forma han den barokke strykarklangen slik ein kultiverer han i dag, med slank og overtonerik klang heilt utan vibrato, og tysk sans for distinkt, gjennomtenkt artikulasjon i fraseringane. Nærleiken til språket, det retoriske ved musikken (på tysk samanfatta med 1700-talsomgrepet Klangrede, «klangtale») er noko Goebel støtt nemner i intervju og artiklar.
Musikalsk slagscene
Repertoaret på plata spenner frå seinrenessanse til høgbarokk. Ho opnar passande nok med ein ouverture i fransk stil av Johann Ludwig Bach (1677–1711), Johann Sebastians firmenning. Ouverturen og dei fylgjande dansesatsane er sobert komponerte. Særleg frydefull er den kvikke rytmikken i finalesatsen Bourrée.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.