JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Evig overraska

Wilco er tilbake med eit av sine mest vitale album.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Song for song er det ei glede å høyre kva kvart bandmedlem har å bidra med, skriv Øyvind Vågnes om Wilco.

Foto: Peter Crosby

3238
20230929
3238
20230929

Rock

Wilco:

Cousin

dBpm/Sony

Eg kunne ikkje anna enn smile etter å ha høyrt «Infinite Surprise», opningslåten på Wilcos nye album Cousin, for første gong. For ein kanonstart! Det går ikkje an å ta feil av bandet, men likevel er noko heilt nytt. Songen byggjer seg opp med tolmod, og så eskalerer alt med stor kraft, med gitarøs og ein skikkeleg kul bruk av blåsarar, bakanfor Jeff Tweedys stadig meir rustne røyst, som går djupt inn i den eksistensielle undringa frå første tone.

Wilco har alltid vore gode på opningar, på å bruke det første, gryande møtet med ny musikk til å skape eit slags momentum. Då dei sleppte myteomspunne Yankee Hotel Foxtrot på nettsida si hausten 2001, bar «I Am Trying to Break Your Heart» bod om ein heilt ny estetikk, og til med ein ny identitet for bandet, med Glenn Kotchke på trommene og Jim O’Rourke som produsent – her var sjølve lyden av Wilco skrudd frå kvarandre og bygd på nytt.

Hakeslepp

Og eg minnest enno hakesleppet som mitt første møte med A Ghost is Born (2004) baud på, for med «At Least That’s What You Said» var det som om heile spetakkelet opna med ein veritabel salutt. Her er vi, sa songen, slik høyrest vi ut no. Wilco likar å ta sjansar i ansatsen, som med sju minutt lange «Art of Almost» (The Whole Love, 2011) – det første ein høyrer, skal effektivt seie noko om kva som har skjedd sidan sist, kvar skapet no skal stå.

Så også med «Infinite Surprise». Bandet har til gode å lage ei dårleg plate, men når det er sagt, kan eg ikkje hugse å ha høyrt dei så vitale på ei stund, og det er eit inntrykk som festar seg med ein gong.

Kva har skjedd? Det er ikkje tvil om at Cate Le Bon, som er med som produsent, har vore ei avgjerande kreativ kraft denne gongen, med impulsar som har fornya uttrykket til bandet. Den walisiske artisten er første eksterne produsent sidan bandet laga undervurderte Sky Blue Sky (2007), og vil vere kjend for fleire lesarar både for sine eigne låtar og frå samarbeid med John Grant, H. Hawkline, og Kurt Vile, for å nemne nokre. Le Bon har gjort Wilco spissare og meir kantete, med saksofonar (ved Euan Hinshelwood), trommemaskiner, og ein til dels ny dynamikk i arrangementa ­– sjekk ut «Pittsburgh», som er eit godt døme.

Framifrå gitararbeid

Song for song er det ei glede å høyre kva kvart bandmedlem har å bidra med. Gitararbeidet er framifrå, og det er ein fryd å høyre kva Nels Cline kan finne på, innanfor rammene av komposisjonar Tweedy refererer til som «kunstpop».

Tweedy, som alt for lenge sidan har markert seg som ein av sin generasjons fremste låtskrivarar, blømer i dette uttrykket, og særleg i kompromisslaust konfronterande låtar som «Ten Dead», med sine dystre bilete og snirklete akkordprogresjonar. Bøker som How to Write One Song (2020) og haustens World Within a Song: Music That Changed My Life and Life That Changed My Music vitnar om ein låtsnikrar som er både analytisk og reflektert. Sjølv om han kan riste skikkeleg laust frå tid til anna, er det denne meir kontemplative Tweedy vi møter på Cousin ­­– og det har ikkje denne lyttaren noko imot.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis