Musikk

Estetisk friksjon

John Grant spelar laurdagskvelden, medan St. Vincent tek seg av morgonen som følgjer.

St. Vincent då ho spelte på musikkfestivalen Boston Calling i USA mai i år.
St. Vincent då ho spelte på musikkfestivalen Boston Calling i USA mai i år.
Publisert

Rock

Då eg sat og lytta til Love Is Magic, John Grants nye album, for nokre kveldar sidan, fekk eg lyst til å lytte meg tilbake, og fann fram Queen of Denmark (2010), Pale Green Ghosts (2013) og Grey Tickles, Black Pressure (2015) i hylla. Og likevel måtte eg til slutt hente fram eit konsertopptak på Youtube før den vesle reisa inn i nær fortid heilt var over.

Ein kveld i Brussel

Opptaket dokumenterer ein kveld i Ancienne Belgique i Brussel i 2011, då artisten berre hadde med seg John Pemberton på tangentar. Det var også i dette enkle formatet eg først høyrde Grant, på Bergenfest same år: heilt nedstrippa, i form av ein duo som klarer seg fantastisk godt med eit piano og ein analog synth.

I likskap med St. Vincent, som også er plateaktuell i dag, med MassEducation, vekslar Grant uanstrengt mellom det heilt nakne og, om humøret tilseier det, ein slags reindyrka, gjennomtenkt eksess. Denne estetiske friksjonen gjer det mogleg for begge desse artistane å veksle mellom ein fantasifull, overstadig og frenetisk ornamentert musikkproduksjon som boblar over av krumspring og friske detaljar, og, som eit anna ytterpunkt, eit nedpå uttrykk der røysta og orda får spele ei hovudrolle, saman med ein enkel, effektfull bruk av tangentar.

Etter dei viltre, eksentriske popalbuma St. Vincent (2014) og fjorårets Masseduction har Annie Clark bestemt seg for å vise fram denne andre sida av seg sjølv – MassEducation byr på eit liveopptak gjort i studio i New York i fjor, der Thomas Bartlett akkompagnerer henne på piano, i alternative tolkingar av hennar eige låtmateriale. Det er ei fin stund – sjølv om eg synest det i utgangspunktet dempa materialet og særleg balladane («New York», «Happy Birthday Johnny») fungerer best slik. Tidvis tek eg meg i å sakne dei fantastiske og litt hyperaktive låtarrangementa til Clark, ikkje minst i songar som «Los Ageless» og «Pills».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement