Musikk
Englar og piler
Lloyd Cole held koken.
Lloyd Cole er uinteressert i å vere popstjerne.
Foto: Lloydcole.com
Vi flyttar til Berlin og droppar dopen, vi prøver oss på sykling og svømming i staden – slik er planen forteljaren skisserer i «The Idiot», det uimotståelege fjerde sporet på On Pain, den nye studioplata frå Lloyd Cole.
Det vesle stykket bittersøt synthpop fortel drøymande om sykkelturar til studio og diskotek, i jeans og med leggvarmarar (!) – før ein til slutt syklar heim og kjem seg i seng før det vert for seint. L.A. er så 1975, heiter det: «We have to get out, how are we still alive?» Ei livsendring er uunngåeleg: «No more limousines, no more endless white nights» – slik er lovnaden.
Er du mellom dei som har forlese deg berre litt på rockehistorie, er det straks noko kjent med dette scenarioet – for det var jo nett dette Iggy Pop og David Bowie gjorde, på midten av 1970-talet (samarbeidet resulterte i to supre album frå førstnemnde, debutplata The Idiot og Lust for Life (begge kom i 1977), og musikken Bowie skulle lage i byen, høyrer til mellom det beste frå den kanten).
Novelleaktig fantasi
Kvifor gjere bruk av eit stykke overfortald rockemytologi som råstoff? Faren er vel stor for at det kan verte banalt, plumpt, ein slags stivna karikatur ingen har særleg interesse av – men openbert ikkje om låtskrivaren er Lloyd Cole. «The Idiot» er ein slags novelleaktig fantasi rundt historiene om Pop og Bowie, som framstår som eit gammalt ektepar i ein framand by, i kafear og galleri, «just a pair of modern guys escaping history». Det er heilt herleg gjort.
Då eg høyrde Cole på ein klubb i New York i romjula i 2001, kom han med nokre sjølvironiske kommentarar etter at han hadde framført «Hey Rusty», ein av songane på Mainstream (1987), det tredje (og siste) albumet han laga saman med The Commotions (i det mange vil tenkje på som glansdagane): Han var tjueseks då han skreiv låten og gjorde bruk av ordet boulevards, eit ordval han som førtiåring fann litt jålete – kunne ikkje streets ha dugd heilt fint?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.