JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Engelsk aksent

I 1683 var Henry Purcell lei av kong Karl IIs musikalske frankofili.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Henry Purcell (1659–1695) prenta dei tolv fyrste sonatane sine i 1683.

3167
20221111
3167
20221111

Standard-
innspelinga

Henry Purcell:

Sonatas of Three Parts, 1683

Christopher Hogwood, orgel og leiing. L’Oiseau-Lyre 1995/2008/2016

Det er nok ikkje berre eg som treng tid til å venna meg til tanken: at ein Karl no er konge av Storbritannia. Nærare 350 år er gått sidan førre Karl, Stuart-kongen Karl II av England og Skottland, kom til makta i 1660. Far hans, Karl I, var blitt avretta elleve år tidlegare, og fram til «restaurasjonen», som gjeninnføringa av monarkiet blir kalla, hadde England vore republikk.

Karl II levde i eksil i Frankrike under den engelske borgarkrigen. Der utvikla han ein forkjærleik for fransk kunst og kultur, og då musikklivet i London blømde att etter restaurasjonen, engasjerte kongen helst franske musikarar. Desse var skolerte i den prektige, seremonielle franske hoffmusikken, som snart gjorde seg gjeldande i heile England – på kostnad av den tradisjonelle engelske musikken og den nyskapande italienske stilen som var på frammarsj i Europa.

Granneavsky

Henry Purcell var barokktidas største engelske komponist. Også hans komposisjonar har mykje fransk ved seg, særleg skodespelmusikken. Kor vidt han sjølv var medviten dette franske, er vanskeleg å seia. Men då han i 1683, på tampen av Karl IIs regjeringstid, lét sine fyrste tolv sonatar prenta, skreiv komponisten i føreordet at desse Sonnata’s of III Parts (slik står det på tittelsida) var noko heilt nytt i England. Han hadde «strevd etter å etterlikna dei mest namngjetne italienske meistrane» for slik å gjera «alvoret og tyngda deira kjend hjå våre landsmenn». Det var no nemleg «på høg tid å avsky det overflatiske og balladeaktige hjå grannane våre».

Med «grannar» er franskmenn meint. Det var den kunstla franske musikken Purcell ville til livs. Men kven var desse «mest namngjetne italienske meistrane»? Ein av dei må ha vore Arcangelo Corelli, som på slutten av 1600-talet reformerte den italienske instrumentalmusikken. Purcells sonatar er nemleg «triosonatar» for to fiolinar og basso continuo (besifra bass), ein kammermusikktype som Corelli standardiserte.

Arkaisk engelsk

For oss moderne lyttarar, som er vande med italiensk barokkmusikk (og dei mange «italianiserande» komposisjonane til utlendingar som Händel og Bach), kan det vera vanskeleg å oppfatta det radikale ved Purcells sonatar. For meg er det i alle høve meir fruktbart å «snu opp ned» på lyttinga, nemleg å fokusera på det spesielt «purcellske» ved musikken.

Den musikalske forma, sonaten, er italiensk. Men Purcells musikkspråk? Eg vil kalla det italiensk med sterk engelsk aksent. Me høyrer det godt i innspelinga frå 1995, der tidlegmusikkpioneren Christopher Hogwood leiar ensemblet sitt frå orgelet: Purcells fortetta harmoniar og uventa akkordskifte, dei asymmetriske fraselengdene og dei abrupte fraseavslutningane – alt dette er arkaiske stiltrekk frå gamalengelsk musikk.

Å tala framandspråk aksentfritt er jo vanskeleg for dei anglofone. Lyttar me til Purcell, merkar me at dette òg gjeld i musikken.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis