JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Elva veit

Det nye albumet til Molly Tuttle er ei kjærleikserklæring til bluegrassmusikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Låtskrivaren Molly Tuttle skrur saman songar som høyrest ut som gamle klassikarar, meiner Øyvind Vågnes.

Pressefoto: Mollytuttle.com

2869
20220325
2869
20220325

Bluegrass

Molly Tut­tle & Golden Highway:

Crooked Tree

Nonesuch Records

Elva græt fordi elva veit, heiter det i «The River Knows», eit av spora på Crooked Tree, den nye plata frå Molly Tuttle. Naturen kan vere eit taust vitne til så mangt, og så mangt kan skje i det bleike skinet frå månen, det er noko alle som har lytta til såkalla «murder ballads» veit.

Tuttle har sin eigen vri på sjangeren, og det ligg i sakas natur at eg ikkje skal seie meir enn det, for ikkje å avsløre for mykje – men ein lytt kan eg i alle fall tilrå.

Til røtene

Alle som er glade i bluegrass­-
musikk, bør gi Crooked Tree ein sjanse. Albumet osar av speleglede og overskot og er noko av ei kjærleikserklæring til den tradisjonen. Tuttle voks opp nord i delstaten California, utdanna seg ved Berklee College of Music og flytta til Nashville i 2015. Sidan den gong har ho gitt ut to fulle studioalbum, When You’re Ready i 2019, og året etterpå ...but i’d rather be with you.

Den nye plata inneber ei slags tilbakevending til røtene på fleire måtar, for Tuttle oppdaga bluegrassmusikken gjennom far sin, ein musikklærar som spelar ei heil rekkje instrument, og bestefaren, som introduserte henne for banjoen. Ho har lenge visst at ho skulle lage ei plate som dette, som både reindyrkar bluegrass og tek tradisjonen i litt nye retningar, særleg når det gjeld tekstane ho har skrive.

Låtskrivaren Tuttle veit å skru saman songar som høyrest ut som gamle klassikarar, som om dei er traderte over generasjonar, men ho er også god til å teikne presise bilete av si eiga samtid.

Kritikk

Valsen «San Francisco Blues», til dømes, viser seg å romme noko av ein kritikk av seinkapitalismens nedslag i hennar eigen heimstat, nærare bestemt i byen som før romma så mange kunstnarar, musikarar og forfattarar, men som har vorte for dyr å bu i for dei aller fleste.

Og så er det bonden du møter i «Dooley’s Farm», ein karakter du trur du har treft på i meir enn ein bluegrasslåt før, heilt til du skjøner at det han dyrkar på garden sin, er cannabis: «He’s got a strain that’ll punch your lights out/ Old Dooley’s gonna blow your mind.»

Crooked Tree er Tuttles første plate på Nonesuch Records og vart spelt inn i Nashville, i Oceanway Studios, med den lydhøyre gjengen i Golden Highway, som perfekt balanserer interessene for forvaltning og nybrot, på fele (Bronwyn Keith-Hynes), mandolin (Dominick Leslie) og banjo (Kyle Tuttle).

Men det er berre nokre få av musikarane som dukkar opp på albumet, der også eit lite knippe prominente, velvalde gjester dukkar opp, folk som Old Crow Medicine Show, Margo Price og Gillian Welch. Jerry Douglas, som er med på dobro, har produsert albumet saman med Tuttle.

Crooked Tree kjem ut 1. april.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.

Foto: Fartein Rudjord

BokMeldingar

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Hilde Vesaas

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Oppbretta brok i bratta

«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»

Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.

Foto: Nina Djæff

BokMeldingar
Ronny Spaans

Eit sandkorn i maskineriet

Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Maskinist Ivar Tjøstheim med den flunkande nye bygdekinobilen og Sandvesanden på Skudenes i bakgrunnen.

Foto Brit Aksnes

Feature

Bygde-Cinema Paradiso

STRANDEBARM: Det rører meg djupt at Bygdekinoen framleis eksisterer.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis