Elektronisk eskapisme
Pet Shop Boys’ femtande studioalbum er ute i utvida utgåve.
Pop
Pet Shop Boys:
Nonetheless Expanded Edition
x2 / Parlo—phone
Ein gut, lat oss kalle han «Tony», gjekk på barnetrinnet. Familien flytta til ei ny bygd då han var åtte. Han hadde ein lei tendens til å engasjere seg – og tidvis andre – i erting og utfrysing av andre sårbare barn, men så ein dag opna han seg og fortalde at far hans hadde sovna bak rattet, bilen hamna i vatnet. Far drukna.
Å styre andre sine kjensler gav ei kjensle av kontroll i eit liv prega av sorg, avmakt, tap og traume. Han hadde astronautplakat på rommet, og i visiret til Neil Armstrong kunne spegelbiletet av jordkloden skodast. Favorittsongen var «Go West» av det britiske elektropopbandet Pet Shop Boys, og han hadde tatt opp musikkvideoen på VHS-kassett. På slutten av videoen svever bandmedlemmene ut i verdsrommet på fargerike badeballar. «Tony» hadde det vondt og ønskte seg vekk.
Så, ut frå det blå, forsvann familien frå bygda, og medan det er alt eg veit, er musikken til elektropoppionerane stadig prega av ein underleg, bittersøt symbiose av feststemd dansemusikk og nostalgi for det halvvegs kunstige, men likevel avslørande nattelivet opp mot ei ektefølt, kjenslevar, politisk engasjert innsikt i det forvirrande mellommenneskelege.
På Nonetheless diskar duoen, aktiv sidan 1981, opp med ei rekke svært habile låtar med éin fot i klubbmusikk, éin i plettfri 80-talspopproduksjon og den tredje i overlappen mellom symfonisk klassisk musikk og seriøst leiken omgang med musikalklisjear. Her går melodiar og akkordproduksjonar stadig vekk i uventa, men svært naturlege retningar.
Nonetheless kom ut i vår, og den nye, utvida utgåva kjem med demoinnspelingar av originalmaterialet i tillegg til ei handfull nye songar. Det er interessant å høyre utviklinga av songane, og dertil er ein tysk versjon av «Schlager-Hitparade» å finne på Youtube. Total Hammer!
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.