Musikk
Elektroakustisk univers
Mangfald og tilbakeskoding pregar debuten til bergensduoen.
Jørgen Træen og Stein Urheim debuterer saman med albumet Krympende klode.
Foto: Grappa Musikkforlag
Jørgen Træen og Stein Urheim inviterer oss inn i eit elektroakustisk univers som har mange fasettar. Lydbiletet kan til tider overvelda, men mykje av musikken er i korte snuttar attkjenneleg, ja, beintfram nostalgisk. Musikken er også ei hylling til pionerane i den elektroniske musikken, ifølgje Urheim, og spor av Raymond Scott, Delia Derbyshire, Harry Partch og Bjørn Fongaard kan finnast av den innvigde.
Samarbeidet mellom Træen og Urheim byrja så smått i 2010, då båe var med i Bjørn Torskes Planteband. Seinare har Træen miksa og produsert fleire av soloplatene til Urheim på Hubro. Musikken har blitt til litt etter litt, mellom anna då duoen deltok på ein eksperimentell konsertserie på Bergen kjøtt for fem år sidan. Samarbeidet vart lyfta til eit nytt nivå då Borealisfestivalen tinga eit verk av dei til festivalen i fjor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.