Elegi for trompet
Verka på Tine Thing Helseths nyaste album er av ujamn kvalitet.
Trompetisten Tine Thing Helseth er solist med Ensemble Allegria.
Foto: Anna-Julia Granberg
CD
Ewazen, Wallin, MacMillan, Arutiunian, Poulenc, Grieg, Satie:
Seraph
Tine Thing Helseth, trompet; Ensemble Allegria. Lawo 2022
Tine Thing Helseth spelar her relativt ny og ukjend musikk for trompet og orkester, i tillegg til nokre klassikarar av Francis Poulenc, Edvard Grieg og Erik Satie (arrangert for trompet av Jarle Storløkken). Med det norske kammerorkesteret Ensemble Allegria byr plata på gneistrande godt samspel. Komposisjonane, derimot, er berre delvis interessante.
To fullskala trompetkonsertar frå høvesvis 1990 og 2010 tek den mest prominente plassen på programmet: Concerto for Trumpet and Strings av amerikanaren Eric Ewazen (fødd 1954) og Seraph av skotten James MacMillan (fødd 1959).
Konsertane
Ewazens verk er det mest tonale, med klangar som slektar på seinromantikken, samstundes som tonaliteten og rytmikken i melodiane minner om engelsk 1900-talsmusikk à la Vaughan Williams og Britten (stikkord: ujamne fraselengder). Eit gjennomgåande trekk er at den harmoniske utviklinga i orkesterparten er abrupt (somme stader på grensa til det retningslause), medan trompeten bitt dette stykkevise og delte saman gjennom lyriske melodiar.
Finast musikalsk dialog mellom solist og orkester høyrer me i andresatsen «Scherzo», der Helseth formar snøgge tonerekkjer til songlege melodiar. Sjølv om det går raskt på mikronivå, er den overordna pulsen i framføringa hennar roleg. Tredjesatsen «Elegia» overskrid grensa til det sukkersøtt sentimentale og seier meg lite. Finalen «Allegro agitato» har betre balanse mellom søtt og bittert. Det er rytmikken som utgjer det bitre, medan harmonikken er keisamt konvensjonell.
MacMillans Seraph er rikare på kompositoriske fasettar. Bak kvar av dei tre satsane oppfattar eg ein idé, og utarbeidinga av ideane overtyder. Fyrstesatsen (utan satsnamn) er neoklassisk, med drivande rytmar og fri harmonikk. Andresatsen «Adagio», ein songleg duett mellom trompet og fiolin, grensar til det sukkersøte, men bikkar aldri over, for dei melodiske «kollisjonane» mellom solostemmene fører til uventa, pikante dissonansar. Også den sterkt polyfone, kompositorisk kompakte finalen «Marcato e ritmico» er god.
Elegiane
Dei to stutte verka av nyare dato er begge klagesongar. Nordmannen Rolf Wallin (fødd 1957) skreiv sin Elegi til systera si gravferd i 2009 – eit kompositorisk enkelt, men verknadsfullt stykke musikk der trompeten får syngja over eit teppe av bivrande strykarar.
Armenaren Alexander Arutiunians (1920–2012) Elegy frå 2020, derimot, manglar den naudsynte gneisten av originalitet som gjer Wallins stykke interessant. Verket kling skuleflinkt og føreseieleg, og den «jazzete» avslutninga er berre banal. Sjølv ikkje Helseths gode trompetspel kan redda det.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.