Elegant orkester
Puccinis messe er operamusikk i kyrkjebunad.
Domkyrkja i Lucca, der Puccini-familien gjennom generasjonar var organistar.
Foto: Sjur Haga Bringeland
CD
Giacomo Puccini, Giuseppe Verdi:
Kyrkjemusikk
Gaechinger Cantorey; Dresdner Kammerchor; Stuttgarter Philharmoniker; dir.: Hans-Christoph Rademann. Carus 2023
Giacomo Puccini (1858–1924) er i dag kjend for eviggrøne operaer som La Bohème og Tosca. Men eigentleg var han etla til organist- og kyrkjemusikaryrket. Han kom frå eit to hundreår gamalt musikardynasti i Lucca, der forfedrane hans hadde vore organistar og musikkdirektørar ved domkyrkja San Martino. Også Puccini blei som 15-åring organist i heimbyen, men tre år seinare førte ei skilsetjande oppleving han på andre tankar. I nabobyen Pisa høyrde han Giuseppe Verdis (1813–1901) opera Aida, og «då eg høyrde operaen, kjende eg at eit musikalsk vindauge opna seg for meg», skreiv han seinare.
Likevel fullførte Puccini utdanninga si ved Lucca-konservatoriet. Som skikken er i Italia, feira byen store og påkosta helgenfestar fleire gonger i året. I samband med ein slik fest i 1878 var det at ei «Credo»-tonesetjing blei urframført, og to år seinare integrerte han denne i ein fullstendig messekomposisjon i høve slutteksamenen hans ved konservatoriet.
Berre menn
Denne Messa a 4 voci con orchestra (seinare kalla «Messa di Gloria») er fyrste verket på dobbeltalbumet til den dyktige tyske kordirigenten Hans-Christoph Rademann, som byr på kyrkjemusikk av to operakomponistar. Puccinis messe ber bod om operaverksemda hans, for koret blir akkompagnert av eit fullskala romantisk orkester, som «luktar» sterkt av scenemusikk. I tillegg er der soloparti for mannlege songarar, for berre menn kunne den gongen syngja i kyrkja. (Sopranane i Rademanns kor skulle difor, om framføringa skulle vore historisk korrekt, vore gutesopranar.)
Innspelinga er gjort live, med applaus. Både orkesteret og koret læt kraftfullt. Særleg imponerer den dynamisk-plastiske måten Rademann får koret til å frasera på, med nyansar som den gode lydkvaliteten på innspelinga får tydeleg fram. Her finst korfugar og andre tradisjonelle kyrkjemusikkformer, men dei rytmisk-pompøse korpartia dominerer, med elegant orkesterakkompagnement som kling som forkledd opera.
Arkaisk
Puccini-messa er altså eit ungdomsverk. Samlinga Quattro pezzi sacri av Verdi, derimot, blei til mot slutten av karrieren hans. «Gå attende til det gamle, det vil vera eit framsteg!» skreiv han i eit brev i 1871. Det gjorde han så definitivt i a cappella-stykket «Ave Maria», det fyrste og finaste av dei fire i samlinga.
Inspirasjonen frå Palestrina er tydeleg, renessansekomponisten som i italiensk kyrkjemusikk har same status som Bach i den tyske. Både her, og i stykket «Laudi alla Vergine Maria» – også dette a capella, men med tekst frå Dantes guddommelege komedie – provar Rademann at koret hans framleis er eit av verdas beste.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.