Ekte vare
«Standardrepertoaret» tolka av dei beste.
Folkemusikk
Elias Akselsen, Ola Kvernberg og Stian Carstensen:
Horta
Elias Akselsen, vokal; Ola Kvernberg, fele og bratsj; Stian Carstensen, trekkspel; Anita Kleppe og Sara Wilhelmsen, vokal (3,6). Heilo
Kulturen til tater- og romanifolket er rik og har inspirert langt utanfor eigen kulturkrins. Forteljingane om friksjonen mellom dei vandrande og dei stadbundne er mange og brutale, men musikken har likevel vore ein katalysator som me i dag kan gle oss over.
Elias Akselsen (73) har lært songtradisjonen gjennom tradering. Han er truleg den siste av tradisjonsberarane som har lært stoffet på denne måten. Akselsen er ikkje berre ei unik kunnskapskjelde – han har eit vokaluttrykk som gjer han til ein av dei store vokalistane uansett sjanger.
Den musikkforma finst ikkje som ikkje på eit eller anna vis er av interesse for Kvernberg og Carstensen. Ikkje berre har dei denne altomfemnande interessa – dei brukar henne på spanande vis i sitt eige kunstnarskap. Carstensen har i tillegg arbeidd saman med Akselsen i over 20 år. Tre plater dokumenterer samarbeidet.
Horta, som tyder «ekte» på romani, inneheld ni songar som må kunna karakteriserast som tradisjonens «standardrepertoar». Tekstane byggjer på poesien til skillingsvisa, der biletspråket er enkelt og ofte svulstig, men med hjelp av ein sofistikert mikrotonalitet og dynamikk hevar Akselsen metabodskapen elegant over dette nivået.
Arrangementa og musiseringa til Carstensen og Kvernberg får fram det rike tilfanget som er samla i denne musikktradisjonen. Det er fascinerande å lytta til det Bach- og bluesinspirerte kompet til Kvernberg på høvesvis «Vandringsstaven» og «I mange år». Det oppstemte høgdepunktet er tvillaust «Det var i fjor jag tjena dreng» der dynamikk, svensk pols og eit ørlite dryss cajun er med på å få dansefoten til å røra seg hjå sjølv den mest fanatiske dansemotstandar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.