Musikk
Eklektisk triumf
Septetten har mykje på hjartet.
Martin Hjetland og Mathias Marstrander har skrive all musikken på albumet.
Foto: Sara Westergaard Karlsen
Mangt eit musikalsk samarbeid byrja i studiedagane. I dette tilfellet på jazzlinja ved Sund folkehøgskule for gode ti år sidan, der Marstrander og Hjetland båe var elevar. Då Hjetland flytta til Bergen i 2017, tok dei to opp tråden. Treverket debuterte på Vill Vill Vest i fjor og spelte på Nattjazz i år.
Det er ei strålande gruppe musikarar dei to har samla rundt seg, og dette er ein vesentleg grunn til at musikken på plata verkar energisk og sprudlande. Dei tre blåsarane og Marstrander leverer mangfaldige solistiske bidrag. Eit illustrerande døme er koret til Hamre på «Sommerdag», der han så å seia lagar ein ny komposisjon over arrangementet til den bluegrass- og «Ob-La-Di Ob-La-Da»-inspirerte låten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.