Musikk
Eit hjarte fullt av mot
Natalie Merchant har laga plate om kjærleiken.
Natalie Merchant.
Foto: Daniel / Nonesuch
Eg skjøner godt kvifor Natalie Merchant valde «Come On, Aphrodite» som første singel frå albumet ho gir ut i dag. Songen er ei påkalling av kjærleiksgudinna Afrodite, kjend frå gresk mytologi: Kom ned frå fjellet, heiter det, kom opp frå havet, la bølgjene dele seg, og vis deg!
Nøkkelsongen passar godt som smakebit frå Keep Your Courage, for det dreier seg nemleg om ei plate om, og til, kjærleiken i alle former. Om nokon skulle vere i tvil om kvar hovudfokuset ligg, gjer artisten det sjølv klart i ein velskriven tekst i omslagsheftet: Ordet love er nemnt 26 gonger før siste låt tonar ut, kan Merchant fortelje oss, etter ei oppteljing.
Lyrisk intensitet
Det er første gong på ni år at Natalie Merchant kjem med eit heilt album med originalskrive materiale, og det er berre å konstatere at utgivinga høyrer til mellom det aller beste vi har høyrt frå artisten, som fleire vil kjenne både frå bandet 10.000 Maniacs og solokarrieren som følgde. Songsyklusen er merkt av overskot og lyrisk intensitet.
Kjærleiksmotivet kjennest aldri påteke, eller tyngd av klisjear, tvert om er Keep Your Courage kjenneteikna av elegant ordleik. I eit intervju fortel Merchant at ho under arbeidet med låtmaterialet så å seie fann tilbake til poesien – den skotske poeten Robin Robertson skal ha vore til særleg inspirasjon, etter at han sende henne eit eksemplar av boka The Long Take (2018).
Grunnstoffet er dermed markant litterært i denne utgivinga. Afrodite er ikkje den einaste figuren frå den greske myteverda som dukkar opp, det gjer også Narkissos og Ekko, i «Narcissus», der Merchant trass i tittelen plasserer fokuset på lagnaden til sistnemnde, i ei gripande levandegjering av tapserfaringar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.