Musikk
Eit bukk til storbandtradisjonen
Denne plata provar at Ojkos er ein god idé.
Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo (Ojkos) har gjeve medlemene ei solid plattform som dei kan nytta i å utvikla seg som komponistar. Denne gongen er turen komen til trommeslagaren og perkusjonisten Knut Kvifte Nesheim. Han ættar frå Voss og Nesheimstunet på morssida og har tydelegvis late seg inspirera av fjellmassivet Gråsida, som han skimtar vest i himmelsynet oppe frå Nesheim.
Alle dei sju komposisjonane har fått tittel på vossamål og er namn på natur- og vêrfenomen. Nesheim nyttar ofte dialog i komposisjonane, der rytmeseksjonen er i «samtale» med dei andre instrumentseksjonane. Spesielt i «Grøvona» utviklar dialogen mellom rytmeseksjonen og trombone/tuba-seksjonen seg på rytmisk intrikat vis.
Nesheim dyrkar kontrastane i ensemblet, men veit også å få maksimalt ut av eit samla band. «Vadlasletta» tyder på at han kan sin storbandlitteratur. Faktum er at det meste av musikken her enkelt kunne vore omarrangert til eit storband med tradisjonell besetning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.