Musikk
Eit audmjukt ja til livet
Marthe Lea tek nye steg.
Marthe Lea dyrkar ei form for musikalsk naivisme. Slik sett er Herlighetens vei ikkje berre ei vidareføring av den kritikarroste debutplata Asura frå 2021, men ei reindyrking.
Det musikalske råmaterialet finn Lea gjerne i folkemusikken, afrikansk som norsk, men råmaterialet er eit utgangspunkt for tolkingar som er særmerkte for Marthe Lea Band. Naivismen ligg i første rekkje i at Lea gjev ein god dag i musikalske konvensjonar. Musikken er ofte rytmisk kompleks, og det improviserte går inn og ut av lydbiletet, men uansett høyrest det heile så liketil.
Harmonikken og rytmikken som ligg under temaet, går som ein tråd gjennom stykka, og improvisasjonane flettar seg rundt. På dette viset får musikken oftast eit meditativt preg. Tittellåten og «Sa brugda» er gode døme. Nærast eit meir konvensjonelt jazzuttrykk kjem ein i den fengande «Ayumi», der Kjorstad verkeleg får strekkja ut, men stort sett er det kollektivet/ensemblet det dreiar seg om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.