Ein ny pianotrio å merka seg.
Jazz
AARON PARKS:
Find The Way
Aaron Parks, piano; Ben Street, bass; Billy Hart, trommer.
ECM 2489
Aaron Parks har passert 40 utgjevingar i eige namn eller som medmusikant sidan han debuterte i 2003 i bandet til Terence Blanchard. Seinare har han spelt med ei rad sentrale amerikanske jazzmusikarar som Ambrose Akinmusire, Kurt Rosenwinkel og Joshua Redman. Parks leverte også særs minneverdige bidrag på Bjørn Vidar Sollis plate Aglow.
ECM-debuten kom i 2013 med soloplata Arborescene. Her har Park fått med seg bassisten Ben Street og trommeslagar Billy Hart. Sistnemnde er i sitt 77. år og har spelt med dei fleste som har betydd noko i jazzen dei siste 50–60 åra. Også han har bak seg to kvartettplater på ECM. Street spelar på båe.
Parks har skrive musikken med unnatak av tittelkuttet som er ført i pennen av Ian Bernard, i mange år pianisten til Rosemary Clooney. Musikken er prega av ein eterisk lyrisk stemning der det stort sett går i ballade- eller medium tempo. Harmonikken er kompleks utan å vera maniert intrikat.
Samspelet, spesielt mellom Park og Hart, er eit berande element på denne plata. Hart yter motstand, fargelegg og stryk musikken medhårs, og Parks er til dei grader klar over kva aktivum trommespelet til veteranen representerer, og utnyttar dette for alt det er verd. Rolla til Street er meir tilbaketrekt, men ikkje mindre viktig av den grunn. Nemner eg også at lyden på alle måtar er over snittet, har eg meir enn hinta om at denne plata bør sjekkast ut.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
AARON PARKS:
Find The Way
Aaron Parks, piano; Ben Street, bass; Billy Hart, trommer.
ECM 2489
Aaron Parks har passert 40 utgjevingar i eige namn eller som medmusikant sidan han debuterte i 2003 i bandet til Terence Blanchard. Seinare har han spelt med ei rad sentrale amerikanske jazzmusikarar som Ambrose Akinmusire, Kurt Rosenwinkel og Joshua Redman. Parks leverte også særs minneverdige bidrag på Bjørn Vidar Sollis plate Aglow.
ECM-debuten kom i 2013 med soloplata Arborescene. Her har Park fått med seg bassisten Ben Street og trommeslagar Billy Hart. Sistnemnde er i sitt 77. år og har spelt med dei fleste som har betydd noko i jazzen dei siste 50–60 åra. Også han har bak seg to kvartettplater på ECM. Street spelar på båe.
Parks har skrive musikken med unnatak av tittelkuttet som er ført i pennen av Ian Bernard, i mange år pianisten til Rosemary Clooney. Musikken er prega av ein eterisk lyrisk stemning der det stort sett går i ballade- eller medium tempo. Harmonikken er kompleks utan å vera maniert intrikat.
Samspelet, spesielt mellom Park og Hart, er eit berande element på denne plata. Hart yter motstand, fargelegg og stryk musikken medhårs, og Parks er til dei grader klar over kva aktivum trommespelet til veteranen representerer, og utnyttar dette for alt det er verd. Rolla til Street er meir tilbaketrekt, men ikkje mindre viktig av den grunn. Nemner eg også at lyden på alle måtar er over snittet, har eg meir enn hinta om at denne plata bør sjekkast ut.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.