JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Ei mangfaldig røyst

Malin Alanders første plate er eit fint døme på korleis den gamle folkesongstilen kan framstå som samtidskunst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2189
20220715
2189
20220715

Folkemusikk

Malin Alander:

Indre bølgjer

Ta:lik

Når folkesongaren Malin Alander frå Sandane platedebuterer, har ho alt utdanna seg ved Noregs musikkhøgskule, fått stilling som fylkesmusikar og nyleg vunne vokalklassen på Landskappleiken. Det er med andre ord tale om ein utøvar som har lukkast med å etablera seg som profesjonell folkesongar.

I motsetnad til mange kollegaer har Alander her ikkje valt å samarbeida med meir eller mindre improviserande instrumentalistar som gjerne har bakgrunn frå andre stilartar. Dei improvisatoriske delane på plata tek ho seg nemleg av sjølv, anten det er snakk om ordlause parti, ny tekst eller sitat frå eldre songar. Av og til er det gjort fleire opptak, slik at ho syng fleirstemt med seg sjølv.

Men det er dei tradisjonelle songane som dominerer – særleg salmane. Det er òg påfallande at mange av tekstane har gått ut av bruk i salmebøkene, men vert haldne ved like innan folkemusikkrørsla, til dømes den alvorstunge skriftemålssalmen «Jeg arme synder træde må».

Det er ei meditativ stemning over plata. Alt er framført i langsamt tempo og med god tid mellom frasane. For det meste kling stemma mjukt og nært, men Alander nyttar òg alternative teknikkar, særleg i dei meir improviserte partia, som «knekk» på stemma, glidetonar og jamvel kraftutladingar som nærmar seg skrik.

Det er den eldre folkelege songstilen som er fundamentet i songstilen til Alander. Men samstundes er det tydeleg at ho har eit akademisert tilhøve til songen. Kvar einaste lyd er framført presist og kontrollert, noko som vert svært tydeleg når ho syng overtydeleg på dei klingande konsonantane.

Alander føyer seg inn i rekka av høgt utdanna folkesongarar som dyrkar tekst, melodi og syngemåte som ei av mange kunstformer i samtida. Likevel er det noko originalt ved prosjektet hennar som gjer at det bør leggjast merke til, ikkje berre fordi ho er flink, men fordi ho får oss til å opna øyra og lyda på desse forunderlege tekstane og melodiane.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis