Ei grenselaus reise
Ratkje blir eit naturleg midtpunkt på Collage.
Erlend Apneseth Trio har med seg Maja S.E. Ratkje på det nye albumet.
Foto: Oddleiv Apneseth / Ellen Lande Gossner
Samtidsmusikk / jazz
Erlend Apneseth Trio m/Maja S.E. Ratkje:
Collage
Erlend Apneseth, hardingfele, Stephan Meidell, akustisk barytongitar, live sampling og modulær synth, Øyvind Hegg-Lunde, elektroniske og akustiske trommer, paukar og perkusjon og Maja Ratkje, vokal og elektronikk. Hubro
Erlend Apneseth har vore blant ei gruppe musikarar som har teke hardingfela inn i nye musikalske landskap. Både dei fire tidlegare platene med trioen, tingingsverket frå Kongsbergjazz 2019, Fragmentarium, og soloplata Nova frå i fjor er alle dokumentasjon på ein søkjande musikarar som like fullt er forankra i tradisjonsmusikken.
I samarbeidet med Maja Ratkje slepper Apneseth taket og gjev seg ut på ei grenselaus musikalsk reise med ei mengd referansar, men folkemusikken er framleis eit sentralt element, om ikkje så mykje i forma.
Dei fire har komponert musikken i lag, og høgdepunktet er låtane «Kvi søve du», «Ein annan himmel» og «Fuglane II» som følgjer etter kvarandre i eit vel 17 minutt langt strekk som er eit verk i verket, med «Atterklang» som ettertenksam avrunding. Her blir dynamikken brukt for alt han er verd, og Hegg-Lunde skal ha mykje av æra for at nett dette aspektet er så vellukka. Dei tre første låtane er introduksjonar med ulike innfallsvinklar på det som skal koma. Slik sett er det naturleg at første låt har tittelen «Tre vegar».
Ratkje har i store delar av musikken rolle som sentrum og dreiemoment. Ho har ei makelaus evne til å trollbinda. Apneseth, Meidell og Hegg-Lunde kan konsentrera seg om å utvikla klangflatene, noko som er godt illustrert i mellom anna «Spor etter spor (mellom oss)». La oss vona at kvartetten held fram samarbeidet.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.