Ei eventyrleg reise
Komponert og improvisert er kombinert på meisterleg vis.
Jazz
Ingebrigt Håker Flaten:
(Exit)Knarr
Eivind Lønning, trompet; Mette Rasmussen, altsaksofon; Atle Nymo, tenorsaksofon og klarinettar; Oddrun Lilja Jonsdottir, gitar og vokal; Oscar Grönberg, tangentinstrument; Ingebrigt Håker Flaten, bass; Veslemøy Narvesen og Olaf Olsen, trommer og perkusjon. Odin
Ingenting har prega verda meir det siste halvtanna året enn koronapandemien, og for Ingebrigt Håker Flaten må nedstenginga 12. mars ha kome som eit sjokk. I lang tid hadde han førebudd tingingsverket til Vossa Jazz som skulle urframførast 4. april 2020. Brått var alt uvisst. Til all lukke fekk han samla bandet i Studio Paradiso i Oslo 23. mars, og for ein gongs skuld kom plata før premieren på tingingskonserten.
Olsen og Flaten klappar det heile i gang med ei hylling til Austin, «Miles Avenue», før bassostinatet blir introdusert eit par minuttar ut i den oppjaga innleiinga. Både denne og hyllinga til Trondheim, «Brinken», med viktige klarinettmeldingar frå Nymo, har eit rastlaust rytmisk fundamentet under dei dvelande, ettertenksame temaa.
Låten til Oppdal, «Håkkåran», vekslar også i tempo og set innleiingsvis rampeljoset på Lønning og Jonsdottir, før Flaten og Grönberg vekslar om kora i ein sekvens som minner litt om uttrykket til den amerikanske kvartetten til Keith Jarrett. Det er ikkje tvil om at det er Chicago som får si entusiastiske lovprising i «A La Lala Love You».
Samarbeidet mellom dei to trommeslagarane fungerer supert heile vegen, men når eit toppunkt på denne låten. Elles er låten prega av eit forunderleg synthkor av Grönberg. Rasmussen vrengjer sjela i ei hylling til Mexico by, «Chaos Pad», før plata endar kollektivt krautrockande med lovsongen til Amsterdam, «Museumsplein». Avslutninga er ein fanfare til ein musikar som aldri har vore redd for å ta sjansar og satsa på det han trur på.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB