Musikk

Eg står åleine

Keeley Forsyth følgjer opp debuten med eit like intenst album.

Keeley Forsyth byr på eit musikalsk uttrykk der mykje står på spel, meiner Øyvind Vågnes.
Keeley Forsyth byr på eit musikalsk uttrykk der mykje står på spel, meiner Øyvind Vågnes.
Publisert

«Let me begin again», heiter det, igjen og igjen, i «Bring Me Water», med ei røyst som først ber, så tryglar.

Det andre sporet på Limbs, den nye plata til Keeley Forsyth, gjer krav på merksemda til lyttaren med eit uvanleg djupt alvor, der songen kjennest som ei oppmoding om ikkje å vike med blikket. Ei pulserande, minimalistisk instrumentalisering plasserer den mørke røysta til songaren heilt fremst i uttrykket, eit grep som tilfører ei eiga, konfronterande kraft.

Dei åtte songane som er samla på Limbs, plasserer seg i same landskap, og gjer dette albumet til ei lytteoppleving som ikkje passar for alle, men som har dess meir å gi dei som nærmar seg musikken med konsentrert interesse, som vil finne noko intenst og gripande, i eit uttrykk der mykje står på spel.

Dirrande dualitet

Det å stå åleine kan innebere ei individuell kraft, men det er sjølvsagt også ein utsett positur, og denne dualiteten dirrar i songane på Limbs. «There is a place that only I have seen», heiter det i «Bring Me Water». På albumets kanskje aller sterkaste spor, avsluttande «I Stand Alone», løftar Forsyth røysta si med stor verknad, over Matthew Bourne og Ross Downes’ dempa akkompagnement på harmonium, cello og synth, og maktar å uttrykkje dualiteten i eitt og same spor – ein sår lengt er uttrykt med slik kraft at det i seg sjølv vitnar om ein forherda styrke.

Då Forsyth platedebuterte med kritikarroste Debris på nyåret 2020, var ho kjend som skodespelar, og det er godt mogleg du har sett henne på TV, sidan ho har figurert i fleire seriar som har hatt mange sjåarar her til lands – sist såg eg henne sjølv i andre sesong av Sally Wainwrights framifrå, dystre Happy Valley (2016), der ho hadde ei mørk rolle, noko ho ofte har hatt som skodespelar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement