Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Effektfulle ekko

Václav Luks er ikkje nokon sentimentalist. Påskekantaten han dirigerte i Nikolaikyrkja, hadde driv frå byrjing til slutt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Václav Luks dirigerer Collegium 1704 i Nikolaikyrkja i Leipzig.

Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig

2345
20220624
2345
20220624

Konsert

J.S. Bach, J.C. Bach, J. Bach, J.A. Reincken, N. Bruhns:

«Große aus­drückende» Lamenti

Collegium 1704; Collegium
Vocale 1704; dir.: Václav Luks.
Nikolaikirche Leipzig, 10. juni

Praha-orkesteret Collegium 1704, som Václav Luks dirigerer frå cembaloen, kjenner eg frå spanande innspelingar av ukjend bøhmisk barokkmusikk. Konserten med tittelen «Store, uttrykksfulle klagesongar» i Nikolaikyrkja torsdag 9. juni, baud på musikk av tre ulike «Bachar», som alle hadde Johann som førenamn (Johann var visst Bach-familiens yndlingsnamn).

Luks er ikkje nokon sentimentalist. Han føretrekkjer smal og konsis strykarklang, framføringar i friskt tempo og eit kor utan altfor mange songarar; det sistnemnde gjer det lett å «manøvrera» i raske korsatsar, som er Luks’ spesialitet.

Kor i løynd

Ikkje alle komposisjonane av dei eldre medlemene av Bach-familien var like interessante. Den mest særmerkte på programmet var Johann Bach (1604–1673), grandonkelen til Johann Sebastian, som kom frå Bach-familiens opphavsby Wechmar i Thüringen. Det spesielle ved sørgjemotetten hans Unser Leben ist ein Schatten for to kor, er at kor nummer to ifølgje partituret skal «stillast opp i løynd». Konsertgjengarane såg det altså ikkje, men høyrde det – indirekte, i form av effektfulle ekko.

Høgdepunktet var likevel J.S. Bachs Christ lag in Todes Banden, BWV 4, påskekantaten, som er ein av dei eldste og komposisjonsteknisk mest gamalmodige kantatane hans. Truleg er verket skrive som «prøvestykke» då han søkte på organistjobben i Mühlhausen i 1707, noko som kan vera grunnen til at musikken er så komplisert – søkjaren ville visa kva han var god for.

Luther-salme

Christ lag in Todes Banden byggjer på påskesalmen med same tittel frå 1524, der både tekst og melodi er av Luther. Bach tek føre seg salmen strofe for strofe og «bakar han inn» i 1600-tals­musikkens mest mangfaldige musikalske former. Kantaten er difor ein av hans mest al­­vorsame, med kompakte satsar som skaper eit veldig driv frå byrjing til slutt.

Jamvel det stutte instrumentalforspelet inneheld melodiske atterklangar av Luther-salmen. Luks fraserte forspelet i éi lang rørsle – som ein utvida opptakt til alt som fylgde.

Sjur Haga Bringeland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis